Salmeboka minutt for minutt

 (Foto: uskedalen.no)

(Foto: uskedalen.no)

NRK sytte for ei stor og viktig salmehelg, med 60 timars sending av programmet «Salmeboka minutt for minutt» frå fredag til seint søndag kveld.

Ei maratonsending som dette har ført til eit stort løft for Den norske kyrkja, norsk salmetradisjon og korsongen i landet. Heile 200 kor og songgrupper deltok i programmet, som vart sett av kring 2,2 millionar menneske.
 
Det næraste vi i Kvinnherad kjem ein tekstforfattar og omsetjar i salmeboka, er Tormod Vågen frå Uskedalen (1903 – 1970). Han er mest kjend frå arbeidet sitt som forkynnar og generalsekreter i Norsk Luthersk Misjonssamband.

I den nye salmeboka har Vågen omsett to salmar:
Nr 703: Å, for djup i Jesu kjærleik av Samuel T. Francis.
Nr 889: Eg er ein gjest i verda. Svensk tekst frå 1873.
 
Sendinga på NRK 2 starta klokka 12 på fredag og heldt på i eitt til litt over midnatt søndag.

Av Kristian Bringedal
uskedalen.no