Jublar for regionsenter

 (Foto: Geir Remme)

(Foto: Geir Remme)

– Dette er fantastisk! jublar leiar i Husnes Vekst, Kent Are Kjørsvik Petterson etter vedtaket i fylkestinget denne veka, der det vart bestemt at Husnes er på lista over fem nye regionsenter i Hordaland.

 Kent Are Kjørsvik Petterson er glad for vedtaket i Hordaland fylkesting.

Kent Are Kjørsvik Petterson er glad for vedtaket i Hordaland fylkesting.

Forutan Husnes er Kleppestø på Askøy, Rådal, Åsane og Indre Arna utpeika til regionale senter.

– Dette vil gjera det enklare for Husnes å trekkja til seg nye innbyggjarar, næringsliv og moglege statlege arbeidsplassar, seier Husnes Vekst-leiaren.

Han ser for seg at synergieffekten kan vera god for heile Kvinnherad, ikkje berre for Husnes. Difor må kommuneleiinga, politikarane, næringslivet og alle andre positive krefter no samarbeida om vidare utvikling av det nye regionsenteret – til beste for alle innbyggjarar.

Den nye senterstrukturplanen avløyser den gamle planen. Det betyr at alle andre eksisterande senter med slik status skal halda fram. Leirvik på Stord har frå før slik status her i Sunnhordland.
– Den nye senterplanen er eit uttrykk for at vi tar realiteten i utviklinga i Hordaland inn i ny framtidig senterstruktur, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen i ei pressemelding.

Attraktive senter

Fylkesordføraren peikar på at det politiske målet er at det skal vera attraktive senter rundt om i Hordaland, som fremjar livskvalitet, robust næringsliv og miljøvennleg transport. Sentera skal òg tilretteleggja for vekst i heile fylket. Hovudargumentet for eit ekstra regionsenter i Sunnhordland, er avstanden til det eksisterande regionsenteret på Stord.

Frå politisk hald i nabokommunen vart det i høyringsrunden uttrykt ein viss skepsis til at Husnes skulle få status som regionsenter, men det tok ikkje fylkestinget omsyn til.