Doktor Haugen – ein folkekjær distriktslege

Mange hugsar enno doktor Haugen. "Jeg kommer med en gang", sa han som regel. (Privat foto)

Mange hugsar enno doktor Haugen. "Jeg kommer med en gang", sa han som regel. (Privat foto)

Hugsar du doktor Haugen i Rosendal? Enno går det mange historiar om den legendariske distriktslegen, som mange i Kvinnherad minnest den dag i dag. Han dreiv privat praksis til han var 83 år gammal.

Torger Øye i Uskedalen er blant dei som har fleire minne om den folkekjære doktoren, og hugsar spesielt ein episode som skjedde på haustparten i 1974. Då hadde Torger vore til Stord med lastebil og henta nokre store røyr som skulle til Maurangeranlegga. Han var uheldig og klemde flat ein finger og skamslo naglen.

Om natta byrja det å gjera skikkeleg vondt, og dagen etter gjekk Torger på det gamle helsesenteret i Rosendal. Han fortel vidare:

– Der var det fullt av folk så eg rusla bort i tunet til doktor Haugen i staden. Han var forlengst slutta med praksis, men eg hadde sett han utanfor huset av og til, så eg tenkte han kanskje kunne hjelpa meg. Før eg tok fyrste steget i trappa gjekk døra opp og han sa:

– God dag, pasienten får komme inn!

Inne på kontoret sette han seg ved skrivebordet og eg sette meg på krakken ved sida og viste han handa. Han greip handa fast, treiv ei saks og stakk under neglen og delte den. Før eg fekk sukk for meg, fata han ei tang og reiv halvdelane vekk så blodet rann. Så sausa han på med jod, spretta ein ny, stor plasterrull og bandasjerte.

Så sa han:

– Jeg går utifra at du står i Trygdekassen, da har du fri medisin. Vær så god ta denne med deg hjem. Adjø!

Så gav han meg plasterrullen, tok meg på aksla og geleida meg ut. Det heile tok ikkje meir enn nokre få minuttar.

Doktor Haugen var kjend for å vera svært effektiv.

Av Ola Matti Mathisen

uskedalen.no

Les meir om doktor Haugen her

Noko av utstyret dr. Haugen nytta (Foto frå Kvinnhersminne 2003)

Noko av utstyret dr. Haugen nytta (Foto frå Kvinnhersminne 2003)