– Eit regionsenter må ha hotell!

Mosvold-gruppa fekk laga denne teikningen av eit nytt hotell på Husnes i fjor. Men Jan B. Ingvaldsen understekar at det finst fleire andre potensielle tomte-alternativ på Husnes.

Mosvold-gruppa fekk laga denne teikningen av eit nytt hotell på Husnes i fjor. Men Jan B. Ingvaldsen understekar at det finst fleire andre potensielle tomte-alternativ på Husnes.

– Målet må vera at det nye regionsenteret og den største tettstaden i Kvinnherad får hotelldrift igjen innan 3 – 4 år, seier Jan B. Ingvaldsen.

– Målet må vera at det nye regionsenteret og den største tettstaden i Kvinnherad får hotelldrift igjen innan 3 – 4 år, seier Jan B. Ingvaldsen.

– Eit regionsenter utan hotell er som eit hjul utan luft, seier nestleiar i Husnes Vekst, Jan B. Ingvaldsen. Han vil at dei rette folka no må engasjera seg for å få bygt eit nytt hotell her.

I desse dagar er det fem år sidan Husnes Hotel la ned drifta av det einaste hotellet i bygda. Seinare har bygningen stått nærast til nedfalls, og blir på folkemunne i dag omtala som eit spøkelseshus eller ei rønne.

Mange meiner dessutan at den gamle hotellbygningen trekkjer ned omdømmet til industribygda, som fylkestinget har utpeika til eitt av fleire nye regionsenter i Hordaland.

– Må samla oss!

– No må vi samla oss for å få til eit alternativ, seier Jan B. Ingvaldsen, tidlegare dagleg leiar i Husnes Storsenter. Vi kan ikkje ha det slik lenger, legg han til. At det er behov for eit hotell på Husnes er han ikkje i tvil om.

Medan Ingvaldsen var aktiv i storsenteret og tett på ein av dei største eigarane (Mosvold-gruppa), vart hotellsituasjonen på Husnes frå tid til anna diskutert internt i leiinga. For halvtanna år sidan vart det endåtil teikna eit forslag til eit nytt hotell oppå det gamle butikksenteret. Seinare har det vore lite konkrete samtalar om eit slikt prosjekt.

Og slik nestleiaren i Husnes Vekst forstår leiinga i Mosvold-gruppa, vil dei per i dag ikkje ta opp igjen planane om hotell på Husnes. Difor må andre no ta over stafettpinnen, meiner han.

Tar initiativ

Som ein start vil styret i Husnes Vekst på nyåret ta initiativ til eit møte med potensielle investorar og folk som eventuelt kan driva eit hotell, først og fremst i lokalmiljøet, for å få kartlagt interessa.

– Målet må vera at det nye regionsenteret og den største tettstaden i Kvinnherad får hotelldrift igjen innan 3 – 4 år, seier Jan B. Ingvaldsen.

Han har lita tru på at bygningen som ein gong var eit hotell midt i hjarta av Husnes noko sinne kjem i drift att.