Kven avgjer Kvinnherad-ferjestøet?

Spørsmålet om kor eit eventuelt nytt ferjestø på Stord skal vera, har engasjert mange.

Spørsmålet om kor eit eventuelt nytt ferjestø på Stord skal vera, har engasjert mange.

Spørsmålet kjem frå kommunepolitikar Jakob Bjelland (Sp) på Stord. Til kommunestyremøtet torsdag (18.12.) har han sendt fleire samferdslespørsmål til ordføraren. Eitt av dei gjeld kven som tek den endelege avgjerda om nytt ferjestø for sambandet Kvinnherad – Stord.

I brevet til Stord-ordføraren skriv Bjelland blant anna:
– Sidan kommunestyret i desember 2013 gjekk imot forslaget frå Senterpartiet og Framstegspartiet om å utelukka Kvernaneset og Sævarhagen som framtidige ferjestø har det vore lite informasjon om denne saka. Fleire uroa innbyggjarar har teke kontakt og lurt på om kommunestyret den gong gav frå seg avgjerdsmyndet for kvar framtidig ferjestø til Kvinnherad skal liggja.

Kan ordføraren stadfesta at det er Stord kommune, som er endeleg avgjerdsmynde når det gjeld denne saka? spør Jakob Bjelland.