Kommunestyret:
Grønt lys for ny idrettshall på Husnes

 Kapasiteten i Husneshallen er fullt utnytta og meir enn det. No vil fleirtalet i kommunestyret byggja hall nummer to.

Kapasiteten i Husneshallen er fullt utnytta og meir enn det. No vil fleirtalet i kommunestyret byggja hall nummer to.

Kommunebudsjettet for 2015 og Økonomiplanen fram til 2018 inneber fleire positive tiltak rundt om i Kvinnherad, som kjem både unge og eldre til gode. Blant anna skal det lagast ein plan for finansiering av ny idrettshall på Husnes. Vidareføring av Varaldsøy aldersheim ligg òg inne i budsjettet frå fleirtalspartia (Ap, KrF, Venstre, Sp, SV og Uavhengig) med 7,5 millionar kroner.

Fleirtalet har også vedteke å få utgreidd om det er føremålstenleg at middagen til institusjonane i kommunen kan produserast i eigen regi, i staden for å kjøpa maten frå Haukeland sjukehus i Bergen, slik blant anna Eldrerådet har teke til orde for.

 Om få år kan det bli snakk om "Husneshallane".

Om få år kan det bli snakk om "Husneshallane".

– Det må leggjast vekt på kvalitet, økonomi og trong for lærlingeplassar i Kvinnherad, heiter det i kommunestyret sitt fleirtalsvedtak om denne saka.

Gebyr

Gebyra og betalingssatsane innan pleie og omsorg skal aukast i tråd med maksimalsatsane som vart vedtekne i statsbudsjettet for neste år. I økonomiplanperioden (2015 – 2018) skal satsane aukast i tråd med dei nye satsane frå komande årsskifte.

Eigedomsskatt og effektivisering av den kommunale drifta var eit gjennomgåande tema i kommunestyret sin debatt – ein debatt som avdekka svært ulike syn på kva medisin som må brukast for å få den kommunale økonomien på fote igjen.

Både Høgre og Frp tala sterkt imot å utvida ordninga med eigedomsskatt, medan fleirtalet frå 1. januar utvidar ordninga med sju promille skatt på alle som driv ei eller anna form for næring. Frå før brukar kommunen same sats for "Verk og bruk".

Sju promille eigedomsskatt på næringsverksemdene vil i 2015 auka inntektene med om lag fem millionar kroner.

Fleirtalet går samtidig inn for to promille eigedomsskatt på hytter og hus igjen frå 2016, noko som vil tilføra kommunekassen ca 15 millionar kroner årleg. Men dette er per i dag ikkje vedteke, etter som slik skatt eventuelt må vedtakast i samband med årsbudsjettet for 2016.

Sparetiltak

Kommunestyret vil sjølve gå føre for å spara pengar, og vedtok i dag at alle politiske møte skal byrja etter ordinær arbeidstid, klokka 17. Frå nyttår blir også komiteane for helse, omsorg og miljø, samt komite for skule, oppvekst og idrett og komite for næring og samferdsle lagt ned for å spara pengar.

Ingen skular ligg an til å bli lagt ned med det første, men fleirtalet vedtok i den verbale forklaringa til budsjettet at det skal utarbeidast ein skulebruksplan, som skal vera ferdig til budsjetthandsaminga neste haust. I debatten vart det blant anna sagt at dette punktet er "Keisaren sine nye kle", og berre ein annan innfallsvinkel for å få lagt ned Øyatun skule på Halsnøy.

Det vart tilbakevist frå fleirtalet.

Kommunestyret set i 2015 også i gang eit effektiviseringsprosjekt i alle kommunale verksemder, der målsetjinga er å få ned driftskostnadene.

Elles ligg det i budsjettet inne to millionar kroner til Husnestunet til utviding av dørane inn til bada, samt takheis mellom seng og bad på 18 rom.

I god tid før budsjettarbeidet for 2016 skal det lagast ein plan for rullestoltilgang i kyrkjene, og i økonomiplan-perioden skal det i 2017 gjevast tilskot til nærmiljøanlegg i Uskedalen, går det fram av verbalpunkta i det vedtekne budsjettet.

 

 Politikarane er delte i synet på korleis ein skal få skikk på den kommunale økonomien.

Politikarane er delte i synet på korleis ein skal få skikk på den kommunale økonomien.