Romjulscup i fotball

(Arkivfoto frå ein tidlegare romjulscup: Atle Helland)

(Arkivfoto frå ein tidlegare romjulscup: Atle Helland)

Idrettslaget Trio trør også i år til med romjulscup i fotball i Husneshallen. Det er 22. gongen denne populære cupen blir arrangert.

– Dette er folkefesten som får julefeittet til å skjelva, skriv laget på nettsida si.

Laget satsar på å få til både herreklasse og dameklasse og oppmodar venelag, studiekameratar og -veninner, bedrifter, syklubbar og andre tenkjelege og utenkjelege konstellasjonar om å samlast til kamp om lærkula 2. og 3. juledag.
 
I år er det påmelding per telefon, epost eller melding på Facebook.
Påmeldingsfristen er søndag 21. desember.