Ønskjer synspunkt på samferdsla

 – Kom med synspunkt, oppmodar Ole Torbjørn Holmedal. (Arkivfoto)

– Kom med synspunkt, oppmodar Ole Torbjørn Holmedal. (Arkivfoto)

Kommunen sin komité for næring og samferdsle ønskjer no innspel frå reisande kvinnheringar om rutetilbodet i Kvinnherad. Synspunkta som kjem inn skal brukast i komiteen sin uttale til den fylkeskommunale eininga Skyss.

Komiteen er beden om å koma med uttalar til Skyss sitt rutetilbod i Kvinnherad. Uttalen må vera klar til første februar 2015.

– Vi er ute etter å få vita dei reisande si meining om tilbodet i, og til/frå Kvinnherad, seier leiar i komiteen, Ole Torbjørn Holmedal (Frp) til Kvinnheringen.

Komiteen er særleg oppteken av å få innspel frå dei reisande som opplever kluss med rutetidene. Eksempel på dette er når bussen går fem minutt før båten kjem til kai, og liknande.

Holmedal håpar kvinnheringar som har synspunkt på samferdsla vil gje si meining til kommunen. I samband med dette blir det òg ei høyring på nyåret om temaet og deretter vil komiteen senda innspel til Skyss, skriv avisa.