Inga jul utan julehefte og teikneseriar

 Alle kjenner att den litt lubne guten med islendaren og artige påfunn.

Alle kjenner att den litt lubne guten med islendaren og artige påfunn.

– Det er ikkje jul før Nr. 91 Stomperud er i hus, sa tidlegare statsminister Kåre Willoch. EGMONT forlag har lagt ut for sal over 30 julehefte i år. I samarbeid med Norsk Barneblad finn vi også Smørbukk og Tuss og Troll.

Håkon Aarnæs har  sidan 1972 laga tekst og teikningane til Smørbukk. Før den tid var Solveig Muren Sanden fast teiknar i Norsk Barneblad. Ho døydde i fjor haust.
 
Smørbukk 2014 er delt i to bolkar med ei historie frå samtida og ein del med handling frå 1960-talet.
 
Den folkekjære teikneseriefiguren Smørbukk er modernisert, men ikkje meir enn at alle kjenner att den litt lubne guten med islendaren og artige påfunn.

I år er han ute i skogen og oppdagar eit merkeleg dyr, ei kryssing av ein sau og sjiraff. Med mange forviklingar er det ein Alpakka han dreg til bygdars.
 
Vi seier som Willoch: Inga jul utan julehefte og ein teikneserie.
 
Av Kristian Olav Bringedal
uskedalen.no