Skitrekket opnar (truleg) 3. juledag

 Jul og fine forhold i Fjellhaugen.  (Foto: Knut Johannes Ripel)

Jul og fine forhold i Fjellhaugen. (Foto: Knut Johannes Ripel)

Det er kome godt med snø i Fjellhaugen skisenter. I fleire veker har det vore god aktivitet i langrennsløypa, og no arbeider mannskapa for at alpintrekket skal vera klart til opning 3. juledag.

Slik det ser ut no, teiknar det til å bli ein god vinter for skientusiastar og andre i Fjellhaugen skisenter.

Driftsleiar for alpintrekket, Ivar Berge-Soldal rapporter om at dei no arbeider med å setja opp gjerde og anna sikkerhetsutstyr. Dette er snart klart, og planen er at trekket skal opnast for sesongen laurdag 27. desember.

Det er kome godt med snø i fjellet, og langrennsløypa i skisenteret vert stort sett preparet dagleg. Berge-Soldal gler seg over at mange har nytta seg av dette tilbodet.

Av Thor Inge Døssland
uskedalen.no