Smertens mur

Portrett med Madonna og barnet, fødselskyrkja i Betlehem, no under oppussing.

Kva kunne vi ha å beretta frå Betlehem, omsungen i sukkersøte julekonsertar! Vi kunne fortelja om å gå gjennom smertens mur kvar morgon, slik fleire tusen arbeidsfolk må gjera.

Som slaktefe står palestinarane inngjerda, på veg til jobb.

Som to hus tett i tett står Israels hus og Dei palestinske sjølvstyreområda i Betlehem. Dei to husa er gjensidig avhengige av kvarandre, men er nok ikkje like mektige. Det eine huset leverer til det andre, kvar morgon frå hanen knapt har gale. Allereie før fire er arbeidsstokken av tenarfolket i gang med å stilla seg opp for å koma gjennom muren og inn i Israels hus. Men først må kvar og ein grundig sjekkast, i Checkpoint 300.

Grytidleg om morgonen, i kø ved checkpoint 300.

Der er vi, 11 distriktsrepresentantar for Kirkens Nødhjelp, køyrde ned frå Jerusalem, i slutten av november. Det er ein knapp halvtime litt sør for Den heilage staden og vi er tidleg på farten. Opp halv fem i den kjølige høglandslufta i Jerusalem, som ligg på 800 meter. Bussen skal gå fem, men sjåføren er forseinka.

Når vi er framme ved den ti meter høge muren i Betlehem, er det allereie langt på dag for mange av palestinarane som står i kø der, dei har gjerne posisjonert seg frå halv fire allereie, men denne morgonen har gjennomgangen stått i stampe, så det losnar ikkje skikkeleg før i sjutida.

Checkpoint 300

Ein kanadiar tek i mot oss utanfor inngangen til Checkpoint 300. Han er eit vitne med blokk og blyant. Kyrkjeverdsrådet (WCC) etablerte ein organisasjon til overvaking av menneskerettane i Dei palestinske sjølvstyreområda og Israel. 

Organisasjonen har forkortinga EAPPI (Ecumenical Accompaniment Programme in Palestine and Israel) og vart stifta i 2002 etter initiativ frå kyrkjeleiarar i Jerusalem. På norsk heiter programmet Ledsagerprogrammet, som Kirkens Nødhjelp og KFUM/KFUK har slutta seg til.

Vi er følgjesveinar i ei morgonstund og går gjennom sjekkpunktet i denne straumen av menneske, dei fleste menn i arbeidsfør alder. Kvinner, born og eldre menn får gå i ein gang utanom den store arbeidskøen.

Etter ein hustren morgon, der både hue og skjerf kom vel med, kan vi venda tilbake til hotellet i Jerusalem der den rikhaldige frukosten ventar, medan palestinaren kjempar for å nå avtalen med sin arbeidsgjevar, før einkvan annan arbeidstakar snappar jobben frå han.

Arbeidssøkjarar i Israel

Hestane bitst kring krubba i Betlehem i den politiske situasjonen som no rår mellom israelarar og palestinarar. Det er ikkje vanskeleg å få auge på kven som er okkupert og kven som er okkupantar. Brått står ei gruppe av arbeidssøkjarane i ei inngjerding, som slaktefe som enno ikkje har funne sin lagnad for dagen.

Kanskje blir det innbringande sal for turistar inne i Israel, til dei turistane som trassar frykta for uventa terroraksjonar, eller kanskje eit dagsverk i ein appelsinlund eller i ein våpenfabrikk? Det siste er lite sannsynleg, sidan såkalla «tryggleiksbransjar» som våpenproduksjon, flyplassar, hamner, raffineri og mykje av high tech-industrien er område der palestinarane blir haldne utanfor. 

Også naboland som Libanon ser helst at palestinarane held seg i underbetalte yrke som krev lite utdanning og har ei lang liste av yrkesforbod for dei palestinske flyktningane der. 

Palestinarane har alltid lege i utkanten av dei mektige verdsrika og folket har blitt hersa med av persarane, Mesopotamia, Det osmanske riket, engelskmennene

Gjer døra trong!

For at ikkje ryttarar skulle ri rett inn i kyrkja, er dørene til Fødselskyrkja i Betlehem tronge og ein må bøya seg ned for å koma inn til der stall og krybbe etter tradisjonen stod. Mitt hjerte alltid vanker til Jesu føderom, heiter det i julesalmen.

Eit fromt par frå Brasil kysser røykjelseskara som markerer staden, men vi lutheranarar nøyer oss med ein selfie.

Her, i denne utkanten, finn vi sentrum for vår sentimentale religiøse lengsel, i denne utkanten av alle mektige rike, der kampen for tilveret startar tidleg om morgonen, i firetida eller så, men der julelysa utanfor Fødselskyrkja no står og skin om kapp med spira på moskeen.

Ved suvenirkiosken

Eit Unesco-program skal syta for ei nyrestaurert kyrkje til neste år og til hjarteklenodiet står ferdig, står suvenirkiosken utanfor med falma Kodak- og Agfa-reklamar og er vitne til at ein og annan seljar får avsetjing på eit palestinaskjerf eller nokre perleband.

Og maktar du ikkje seia nei, har du fanget fullt og er kvitt dine shekel i ein fei.

Så har du sikra ein familie eit varmt måltid med hummus og arabisk kaffi til dessert, medan du om kvelden sjølv kan nyta det rikhaldige kjøkkenet i Midt-Austen.

For du har vore ved Smertens mur, men han tok ikkje heile bankkortet.

Av Magne Fitjar (tekst og foto)

Inne bak skiljemuren går køen seint, på utsida kan kvinner, born og gamle passera, men rett som det er kjem vanlege arbeidarar forbi og entrar gjerdet for å koma lengre fram i køen.