Film om Torborg og Mildrid

Olaug Spissøy Kyvik frå Fenris Film intervjuar Mildrid Hartveit på Varaldsøy aldersheim.

Olaug Spissøy Kyvik frå Fenris Film intervjuar Mildrid Hartveit på Varaldsøy aldersheim.

Denne veka har fleire engasjerte kvinnheringar vore på Varaldsøy aldersheim, der det vart gjort lydopptak til dokumentarfilmen om Torborg Skjelnes og Mildrid Hartveit, som nekta å flytta ut då kommunestyret i 2012 vedtok at heimen skulle stengjast. Dei to kamplystne damene blei buande att der åleine. 1. oktober flytta åtte andre inn.

No blir dei to hovudrolleinnehavarar i filmen, som blant anna skal visast på TV2 til våren. Filmselskapet Fenris skal òg laga ein versjon som dei vil visa på ulike filmfestivalar.

«Torborg og Mildrid» er ein film om retten til å velja i godt vaksen alder, og framfor alt ei historie om livsmot og livslyst, skriv Norsk Filminstitutt i omtalen av filmen som no er under produksjon.

Regissørar er Aslaug Holm, som blant anna var klippar og fotograf på suksessen «Heftig og begeistret» (2001) og Olaug Spissøy Kyvik frå Stord.

Fenris Film har spesialisert seg på dokumentarfilmar, og dei har fleire gonger vore nominert til Gullruten i denne klassen.

Framleis drift

Det ser elles no ut til at Varaldsøy aldersheim vil fortsetja drifta også etter nyttår. I alle fall signaliserte politikarane i formannskapsmøtet torsdag at dei prøver å finna pengar i budsjettet for 2015 til framleis drift.

I haust vedtok kommunestyret at aldersheimen skulle gjenopnast for åtte plassar frå 1. oktober til 31. desember i år. Seinare har det vore eit stort engasjement frå ulikt hald for permanent drift.

Mange meiner at heimen på øya må vera i drift til dess eit nytt Rosendalstun står ferdig i 2016/2017, og kanskje endå lenger.