– Kjøp Mozartkuler heime!

– Aksel Kloster var ein politikar av det uvanlege slaget, skriv Jan Gravdal.

– Aksel Kloster var ein politikar av det uvanlege slaget, skriv Jan Gravdal.

Eg saknar Aksel Kloster. Eg meiner, no snart ni år etter at han døydde dukkar det stadig opp små sitat frå Aksel. Han var ordførar i Kvinnherad og var ein politikar av det uvanlege slaget.

Han fekk naturleg nok ikkje applaus for alt han fann på, men han fekk avisoverskrifter. Det var alltid eit eller anna med Aksel. Og i ettermælet hans, i alle høve det ettermælet folk flest har, heiter det meir eller mindre unisont at Aksel Kloster var ein særs effektiv ordførar.
Dei seier at han i enkelte høve var i to møte samstundes. Han fann på noko i det eine møtet, gjekk nokon skritt til eit anna rom, ba om orsaking for at han kom litt seint, sat der, sa det han skulle i saka og ba om orsaking. Det var noko med magen, sa han og fauk inn i det første rommet og dreiv der på med ei heilt anna sak.

Han fekk det til, seiest det. Det er nokonlunde sant, det var ein ordførar i ein nabokommune som fortalde dette.

Men eg dreiv ikkje med noko djupdykk i det politiske liv i Kvinnherad. Eg skulle berre laga eit portrett av ordføraren. Eg spurde om mykje, til og med om saker han helst ikkje ville snakka om. Då mumla han noko om å harmonisera seg sjølv og gjekk over til noko anna.

Eg hugsar ikkje alt frå intervjuet, men eg ville ha stadfesta ei historie frå Island, som den samme naboordføraren hadde fortalt meg. Eg spurde, og då sa Aksel:
– Ikkje berre vil eg at du skal fortelja historien i aviso, men eg anbefalar det på sterkaste.

Historien er slik: Ein skokk med ordførarar frå Hordaland hadde vore på Island. Dei hadde feira kyrkja sitt 1000-årsjubileum og no skulle dei heim. Det var ein time til avgang med flyet og ordførarane skuffa på for å handla i tax free-butikken.
Aksel låg dårlig an i køen, men rekna med at alt ville «harmonisera» seg. Så kom det ny beskjed over høgtalaren. Avgang til Norge var framskunda med ein halv time. Aksel fekk eit sjeldan anfall av panikk, sprang frå bakerst til fremst i køen og ropte med si malmfulle bassrøyst:

– Eg lyt be alle ordførarar frå Kristeleg Folkeparti om å stilla seg bakerst i køen. Seigemenn og Mozartkuler kan de få kjøpa heime!

Aksel Kloster klarte akkurat det han skulle. Og dessuten var intervjuet slutt og han tok meg i handa og sa som han pleide:
– Det er gildt at me to store i fylket stundom kan møtast og prata om alvorlege ting.
Han var noko heilt for seg sjølv, Aksel. Eg saknar han mellom anna fordi han var annleis enn dei andre.

Jan Gravdal i Jangen’s blogg