«Fram og tilbake over fjorden»

 MS «Kinsarvik» var den første båten HSD fekk bygd med tanke på bilføring. Fartyet vart bygd ved Gravdal skipsbyggeri og Trelastforretning på Sunde.

MS «Kinsarvik» var den første båten HSD fekk bygd med tanke på bilføring. Fartyet vart bygd ved Gravdal skipsbyggeri og Trelastforretning på Sunde.

 Dette er truleg det første skiltet i Hardanger som viste veg til ein ferjekai. Skiltet er frå rundt 1929, og er i dag i privat eige.

Dette er truleg det første skiltet i Hardanger som viste veg til ein ferjekai. Skiltet er frå rundt 1929, og er i dag i privat eige.

På slutten av 1920-talet hadde ikkje Bergen vegsamband med resten av landet, eller med resten av Hordaland for den saks skuld. Det var ikkje mange kilometer ein kunne kjøra frå Bergen sentrum før det var slutt på vegsambandet, og bilen måtte vidare med godstog eller båt.

Debatten om vegutløysing for Bergen var no i full gang. Bergens Tidende var sjølvsagt sterkt engasjert, og i aviser frå slutten av 1920-talet kan me lesa:

«Vi kjenner alle det sørglige bilde av det veinett som er tilgjengelig med bil fra Bergen…».

 Rutetabell og prisar for MF «Folgefonn» i 1940.

Rutetabell og prisar for MF «Folgefonn» i 1940.

Der var vegsambandet austover mot Oslo og sørover mot Odda og Rogaland via Hardanger som stod sentralt i debatten. Det var alt skaffa pengar til siste del av vegparsellen mellom Tunes og Trengereid, og Bergen ville få vegsamband heilt til Øystese. Vidare låg det frå vegvesenet si side føre planar om veg vidare til Eide i Granvin. Då ville Bergen få forbindelse med Voss og vidare til Gudvangen.

For lang tid over fjorden

Bergens Tidende var ikkje like begeistra for planane som låg føre om eit ferjesamband over fjorden frå Kvanndal til Kinsarvik. Det var greit med ei bilferje over Fyksesundet, som var ei kort strekning som ville ta nokre få minuttar. Men over Hardangerfjorden ville ferjetida bli alt for lang, og ville til tider medføra lange bilkøar.

Avisa meinte at å byggje ei stor nok bilferje som skulle krysse fjorden ville bli alt for dyrt. Det beste ville vera at ein heller såg om det var mulig å få til eit vegsamband over Ulvik og ny veg frå Osa til Eidfjord. Då meinte avisa at bilistane ville få ferjefri samband med vegen over Hardangervidda og sørover på austsida av Sørfjorden.

Men som me no veit, vart det ikkje noko av denne vegplanen. I staden blei det bru over Fyksesundet og ferje over Hardangerfjorden. Først i august 2013 fekk ein ferjefri forbindelse mot aust via Hardangervidda då Hardangerbrua opna.

Veg over Hardangervidda

I 1929 opna vegen over Hardangervidda. Om sommaren var det no vegsamband mellom Haugastøl i aust og Eidfjord i vest, og det var og von om at siste parsellen mellom Haugastøl og Ustaoset snart skulle vere ferdig slik at det vart vegsamband vidare austover.

Utover på 1920-åra vart det gjort vegutbygging langs austsida av Sørfjorden. Sommaren 1929 var arbeidet kome så langt at Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) kunne setja inn to bilførande båtar mellom Ringøy og Eidfjord. HSD hadde på denne tida ikkje sjølv båtar som var eigna, så motorkuttarane «Varden» og «Olsok» vart leigde inn.

Det var krefter på Haugalandet, med KNA (Kongelig Norsk Automobilklubb) i Haugesund i spissen, som pressa på for å få bilførande båt på dette sambandet. Med eit slikt samband ville det vera mogeleg å kjøra bil frå Haugesund til Haugastøl. Sommaren 1928 vart det nemleg sett i gang ei bilførande motorbåtrute på strekninga Utåker – Skånevik – Kyrping – Fjæra med ein innleigd båt, MK «Jøsenfjord».

250 bilar i 1929

HSD var nøgd med talet bilar som vart frakta sommaren 1929. Heile 250 bilar frakta dei mellom Ringøy og Eidfjord, og selskapet vedtok å byggje ein kombinert laste- og bilførande båt som om ved behov kunne nyttast i selskapet sine lasteruter om vinteren.

MS «Kinsarvik» kom sommaren 1930 og vart sett inn i ruta Eidfjord – Ringøy – Kvam. Styret ville at skroget skulle byggjast i stål, men ingeniør Johan Daae sette alt inn på at båten skulle ha skrog av tre. Og slik vart det. Kontrakten gjekk til Gravdal Skipsbyggeri og Trelastforretning på Sunde.

MS «Kinsarvik» gjekk etter overleveringa rett inn i rutefart. Båten hadde plass til fem bilar. I 1931 vart det bygd ein eigen kai i Ringøy tilpassa dei bilførande båtane, mellom anna hadde kaien ei bilbru som kunne heisast og senkast slik at det vart enklare for bilane å køyra om bord. Tilsvarande kaiar vart òg bygde i Eidfjord og Ulvik.

«Tvingende nødvendig»

På møtet i representantskapet i HSD hausten 1929 uttala styreformannen at det no var «…en tvingende nødvendighet» med ei ny ferje mellom Kvam – Ringøy og Eidfjord. I 1932 fekk styret fullmakt til setja i gang arbeid med å førebu og byggja ei ny bilferje.

Økonomiske nedgangstider ute og heime gjorde at det likevel skulle gå fleire år før styret i HSD gjorde bruk av fullmakta.

Då den siste vegparsellen mellom Tunes og Trengereid var fullført i mai 1932, var vegen langs Skyggestranda ferdig. Bergen hadde no fått bilveg over Samnanger og Kvamskogen heilt fram til Kvam, noko som på sikt ville flytte mykje av trafikken mellom Bergen og Hardanger frå sjø til land.

Auka press på båten

Det nye vegsambandet førte med seg eit auka press på den bilførande båten mellom Kvam og Eidfjord. HSD vedtok difor at lastebåten DS «Tyssedal» sommaren 1932 skulle setjast inn i ruta saman med MS «Kinsarvik». Samstundes vart ruta utvida til å omfatte Norheimsund – Øystese – Ringøy – Eidfjord.

DS «Tyssedal» vart tilpassa bilføring, og fekk plass til seks-sju bilar på lastelukene. Om bord og i landkjøring skjedde ved hjelp av sliskar. I tillegg kunne ein nytte lasterommet. Bilane måtte då heisast om bord og i land.

DS «Tyssedal» gjekk i ruta fram til 1937 då brua over Fyksesundet var ferdig og vegen fram til Ålvik vart opna. Nybygde MF «Folgefonn» vart då sett inn i ruta Ålvik – Kinsarvik.

For lita ferje

MS «Kinsarvik» vart i 1933 flytta over til Kyrping – Fjæra. Det viste seg snart at båten var for liten i denne ruta, særleg fordi det var mykje bussar og lastebilar. DS «Tyssedal» vart difor sett inn ruta i 1938, og i 1939 vart båten noko bygd om slik at den kunne ta fleire og større bilar.

Vegen på austsida av Sørfjorden, til Brimnes, var ferdig i 1935. Der vart det òg bygd kai med bilbru som var tilpassa dei bilførande båtane.

I den kombinerte bil- og turistruta frå Norheimsund, utført av MS «Granvin», vedtok HSD at det skulle leigast inn ein suppleringsbåt til å føra bilar. MK «Jondal» vart leigd av Bertin Underhaug frå Jondal. Denne ruta hadde stopp på Utne. Med det fekk delar av Folgefonnhalvøya ferjesamband.

I 1935 vart MS «Granvin» avløyst av nybygde MS «Eidfjord» i turistruta. Også MS «Eidfjord» var bygd med tanke på å kunne føre bilar.

Auka trafikk

Biltrafikken i Hardanger auka på, og sjølv om båtane som HSD hadde bygd med tanke på bilføring var tilrettelagde med låge fribord og lause rekker, var det vanskelege øvingar for bilføraren å kjøre om bord og i land på sliskar. Spesielt sjåførar med liten erfaring med slikt, lastebilar og bussar sleit med å kome seg om bord og på land. Det var ofte berre godt hell som gjorde at mange ikkje hamna i sjøen.

I Bergens Tidende sommaren 1978 vart pensjonist Sivert Bakke, som var førar på DS «Tyssedal» i ferjetidas barndom, intervjua:

– Det var fast regel på denne ruta at ville passasjeren ha bilen med skulle det gjevast plass til doningen. Då var det enten å heisa den ned på dekket eller i lasterommet. Sidan det var sjeldan med bil før krigen var det ofte «store gutta» i Bergen eller austlandsbyane som tok ferieturen til Hardanger, og då galt det å halda tunga beint i munnen når Oldsmobilen skulle heisast om bord. Det var ikkje populært å få skraper i lakken. Mannskapet på Tyssedal fekk snart ord på seg for at dei gjorde godt arbeid.

Nybygg

Saka om ny ferje vart lagt på is inntil vidare. Spørsmålet kom opp igjen i 1936, og styret fekk fullmakt til å arbeide vidare med saka. Selskapet rekna med at det å byggje og drive ei bilferje ville medføra stor økonomisk risiko, og det vidare arbeidet skjedde difor i nært samarbeid med Hordaland vegkontor. Dei reiste saman  på felles studietur til Danmark for å sjå på ulike ferjetypar.

Etter turen fekk ingeniør Johan Daae i HSD i oppgåve med å prosjektere ei ny bilferje for selskapet. Eit anna viktig spørsmål som var reist, var økonomien og framtidsutsiktene ved ferjedrift. Den økonomiske sida vart løyst ved at staten ga lovnad om eit årleg driftstilskot på kr 30.000 i fem år til nedbetaling av lånet mot at staten i denne perioden hadde kunna overta ferja til nedskriven verdi. I august 1937 vedtok styret i HSD å byggje ferja etter fullmakt frå representantskapet. Ferja vart kalkulert til om lag kr 300.000.

Som føresetnad for å ta på seg ei slik stor oppgåve sette HSD krav om at det måtte bli slutt på den konkurrerande ferjeruta som MK «Jondal» dreiv mellom Norheimsund og Kinsarvik. Det vart ordna ved at Arbeidsdepartementet la fram eit tillegg i motorvognlova (som regulerte konsesjonen for vegtrafikken) for Stortinget, som regulerte kven som skulle ha lov til å drive ferjefrakt av motorvogner mot betaling. Dette skjedde ti år før Samferdselslova kom og regulerte all ruteferdsle.

Spesialbygd bilferje

Den 2. september 1937 sende HSD ut invitasjon til verft om å kome med anbod på bygging av ferja. Fem skipsverft sa seg interesserte. Eitt av desse verfta var AS Bergens Mek. Verksteder (BMV), som fekk oppdraget sjølv om tilbodet deira på kr 350.000 ikkje var det lågaste.

Sidan verftet ikkje hadde nok arbeid og arbeidsplassar stod i fare, dekte Bergen kommune mellomlegget på kr 25.000 mellom lågaste tilbod og tilbodet fra BMV. Etter som leveringsfristen var sett til 1. juni 1938, var byggetida knapp.
 
BMV i Solheimsviken greidde tidsfristen, og 1. juni 1938 var MF «Folgefonn» klar til å gå frå Bergen til Ålvik der ferja skulle hente gjestene. I Ålvik var det 17. mai-stemning då ferja klappa til kai 2. juni.

Salutt for «Folgefonn»

Opningsturen gjekk til Kinsarvik med over 100 gjester. Vegdirektøren og heile Hordaland fylkesting kom frå Bergen i fem bussar og seks drosjebilar. Om bord var det bunadskledde damer som serverte. I Ålvik og Kinsarvik var det nybygde ferjekaiar og i Kinsarvik vart MF «Folgefonn» helsa med salutt.

MF «Folgefonn» var ei storferje. Gjestene frå turistnæringa, forretningsliv, vegvesenet, Hordaland fylkesting og presse ga mange lovord til HSD og ingeniør Johan Daae for framifrå ferje og framifrå prosjektarbeid.

Sjølve festen vart halden på Fossli hotell. Men returreisa etter festen skulle ikkje gå utan vanskar. Også på den tid var steinras kjent for bilistane på Vestlandet. Nokre kilometer nedanfor hotellet hadde det gått eit steinras, som etter ei kort tid vart rydda.

Verre var det då bilane nærma seg Bergen. Ved Romslo hadde det gått eit endå større ras som det tok mange timar å få rydda. Det skulle bli føremiddag neste dag før dei reisande var tilbake i Bergen.

Den første sommaren

Første førar av MF «Folgefonn» var Sivert Bakke, som kom frå DS «Tyssedal». Den første sommaren ferja var i drift, frakta ho 4.435 bilar mellom Ålvik og Kinsarvik.

Etter kvart som ruta og ferja vart kjent rundt om i landet, var det mange som la vegen om Hardanger for sjå og ta ein tur med nyvinninga. For biltrafikken mellom Bergen og Austlandet var ferja eit stort framsteg. Og det var mange lokale reiarlag som sette ei slik ferje høgt på ønskjelista.

Under krigen 1940 – 45 kunne nok tyskarane og tenkje seg å nytte ferja til anna enn biltransport over Hardangerfjorden. Heldigvis lukkast HSD, i samarbeid med vegkontoret, å unngå rekvisisjon ved å vise til at ferja var ein viktig del av vegsambandet mellom Aust- og Vestlandet. Tyskarane let ho få halda fram i ruta gjennom heile krigen sjølv om det var nære på mange gonger.

Først i 1953 fekk selskapet ny ferje i sambandet, MF «Hardangerfjord», som vart sett i fart 21. juni. No vart MF «Folgefonn» sett inn i ruta Brimnes – Bruravik om sommaren. I tillegg var ho suppleringsferje i sitt gamle samband.

I 1957 sette MF «Folgefonn» kursen ut fjorden. Då vart ferja sett inn i Ferjeruter i Sunnhordland med utgangspunkt Leirvik.

Av Harald Sætre
Frå boka «Fram og tilbake over fjorden – om HSD, ferjer, ferjekaiar og ferjeruter».
Kapabel Forlag 2014.

Sjå Sætre sin digitaliserte video om MS "Halsnøy", som gjekk i rute mellom Herøysund og Os her

 DS «Tyssedal» var opprinneleg bygd som lastebåt. Sommaren 1932 vart båten sett inn i ruta Norheimsund/Øystese – Ringøy – Eidfjord  for å frakta bilar. Dei som skulle i lasterommet vart heiste om bord, medan bilar som stod på lasteluka måtte kjøra om bord på sliskar.

DS «Tyssedal» var opprinneleg bygd som lastebåt. Sommaren 1932 vart båten sett inn i ruta Norheimsund/Øystese – Ringøy – Eidfjord  for å frakta bilar. Dei som skulle i lasterommet vart heiste om bord, medan bilar som stod på lasteluka måtte kjøra om bord på sliskar.