Så kom dagen…

Ørnemor har eit skarpt blikk.

Ørnemor har eit skarpt blikk.

So måtte dagen koma. Stunda som eg visste ville koma. Stunda då ungane reiste sin veg. Vemodig kjennest det etter sju månader med liv i reiret.

Fyrstemann flaug ut 20. juli. Yngste ungen reiste 19. august. Han har enno nokre veker med fyketrening framfor seg før han kan jakte sjøl.

Men det som gler meg er at ungane ser ut til å vera friske og sunne! Og dei vaksne fuglane er flinke foreldre og skal enno hente mat til ungane sine ei tid framover.

Eg veit ikkje kor mange kilo fisk dei har fått hjå meg. Lyr, pale, brosme, torsk, hyse, kviting, lysing, raudnebb og berggylte har stått på menyen. Svoltne ørnungar likar det meste.

Ørneungane leikar i lufta...

Ørneungane leikar i lufta...

Dette har vore ei spennande og særs lærerik tid. No ynskjer eg heile familien lukke til. Er eg heldig, så kjem dei vaksne att og legg nye egg i same reiret til neste år.

Jau, det kjennest vemodig, men samstundes gjev det meg ei god kjensle òg!

Bileta viser mellom anna det skarpe ørneblikket til ho mor og ungar i leik i lufta.

Herlig!

Av Sigve Solheim (tekst og foto)

Orn3.jpg