Husnesjente til VM i motbakkeløp

 Kirsten M. Melkevik held koken trass i sine 44 år. Her på treningstur heime på Husnes for nokre år sidan. (Foto: Geir Remme)

Kirsten M. Melkevik held koken trass i sine 44 år. Her på treningstur heime på Husnes for nokre år sidan. (Foto: Geir Remme)

Årets «happening» for motbakkeløp er verdsmeisterskapet i Italia søndag 14. september. Der stiller òg den tidlegare Trio-løparen Kirsten Marathon Melkevik. Med sine 44 år er ho den eldste som deltek.

– Gamlemor skal til VM – igjen, seier husnesjenta til bt.no.

Nyleg tok Kirsten samanlagtsigeren i norgescupen i motbakkeløp, som ho òg gjorde i fjor. På bakgrunn av prestasjonane i norgescupen denne sesongen er ho no utteken til VM i motbakkeløp i Italia 14. september. Der blir ho den eldste deltakaren.

– Det er litt artig å bli utteken når ein er så opp i åra som eg er no, seier Melkevik til avisa.

Det er forresten ikkje første gang Melkevik er med i eit verdsmeisterskap. Som maratonløpar har ho delteke både i VM og OL i si karriere. Det første verdsmeisterskapet ho deltok i var i 2005, i ein alder av 35 år. Allereie då fekk ho beskjed om at ho var for gammel.

Alder ingen hindring

– Det er litt gøy å visa at eg kan nå langt sjølv om eg nærmer meg 45 år. Eg er jo ingen ungdom lenger, men alderen ser ikkje ut til å vera noko hinder, seier den tidlegare husnesjenta til bt.no. Før ho flytta til Bergen representerte ho Trio på friidrettsbanen, medan ho gjekk på ski for idrettslaget Ternen før det.

Ho ønskjer no å satsa på ein karriere som motbakkeløpar etter å ha delteke i mange maratonløp tidlegare. Ho har vore plaga av skadar, og meiner motbakkeløping er mykje meir skånsomt for kroppen.

– Eg er gjennomtrent, og lever på det eg har i banken frå tidlegere, seier Kirsten. Kva ho kan ventar seg i årets VM i Italia er ho usikker på. Men det ho veit, er at forholda ligg til rette for ei bra oppleving.