Sat fast i «stova» på Norefjell

– Vi sat bom fast og måtte ''bakka'' ut frå sprekka i fjellet...

– Vi sat bom fast og måtte ''bakka'' ut frå sprekka i fjellet...

På fjellturen min nyleg kikka eg ned i det som me kalla for Norefjellstova i min barndom. Dette var målet kvar påske for familien min på Sanden og Liv og Kristian Eikeland.

Foreldrene våre lagde til benker av snø og spadde fram bålplassen der det skulle kokast kaffi. Me ungane vart sende avgårde for å finna ved til bålet.

Eit år, eg må ha vore 8 – 10 år, gjekk me rundt og nedom denne «stova». Der oppdaga me ei stor sprekke i fjellet. Me høyrde og stemmene til foreldrene våre, og røyk kom ut. Raskt fann me ut at me skulle overraska dei med å koma ut i «stova» gjennom opninga.

Ho var ganske brei i starten, men det smalna meir og meir etter kvart. Til slutt kom me ikkje lenger. Eg var ein av dei som fekk panikk, langt inne i fjellet. Då me skulle snu og koma ut, gjekk det ikkje – me sat fast! Men me roa oss ned til slutt, og "bakka" ut igjen.

Denne historien sette skrekk i oss alle, ja, så mykje i meg at eg ikkje ein gong har fortalt det til mine eigne barn – i redsel for at dei skulle gjere det same.

Av Annemor Ekeland (tekst og foto)