Husnes blir regionsenter

 Husnes skal vera regionsenter i Kvinnherad, heiter det i Samarbeidsrådet sin uttale til Hordaland fylkeskommune sin «Regional plan for attraktive senter». (Foto: Kenneth Johansen)

Husnes skal vera regionsenter i Kvinnherad, heiter det i Samarbeidsrådet sin uttale til Hordaland fylkeskommune sin «Regional plan for attraktive senter». (Foto: Kenneth Johansen)

Samarbeidsrådet for Sunnhordland har drøfta "Regional plan for attraktive senter", som fylkeskommunen har sendt ut på høyring. Hovudmålet for planen er at Hordaland skal ha eit nettverk av attraktive senter, som fremjar livskvalitet, robust næringsliv og miljøvennleg transport. Sentera skal leggja til rette for vekst i heile fylket.

 Mange alternativ for nytt ferjestø på Stord har vore diskutert, men ikkje noko er avgjort – enno.

Mange alternativ for nytt ferjestø på Stord har vore diskutert, men ikkje noko er avgjort – enno.

På grunn av formannskapsmøte i Kvinnherad var ikkje kommunen representert då Samarbeidsrådet drøfta planframlegget, men rådet støttar likevel opp om planen, og presiserer samtidig at Leirvik er regionsenter for Sunnhordland og at Husnes vert regionsenter for Kvinnherad.

Samarbeidsrådet ser at det kan koma ein del utfordringar når det kjem til kanalisering av midlar for utvikling av regionsentera. Då er det viktig at dei to regionsentera i Sunnhordland ikkje vert sett opp i mot kvarandre, men får utvikla seg i tråd med sin eigenart og sine føresetnader, meiner Samarbeidsrådet.

Betre samband

Det blir også peika på at sambandet mellom regionsentera Husnes og Leirvik må bli betre, og at dette må ha høg prioritet i planarbeidet.

Framlegg til "Regional plan for attraktive senter i Hordaland" er ein svært omfattande plan, som tek føre seg mange av dei problemstillingar kommunane står overfor når det gjeld handel og planlegging/lokalisering av bustader, arbeidsplassar, næringsverksemd, tenestefunksjonar og fritidstilbod. Forslaget er utforma slik at det kan brukast ved så vel planlegging av fylkessenteret Bergen så vel som for regionsentera, kommunesentera og mindre lokal-/nærsentera.

Forslaget framstår som ein god rettleiar for framtidig planlegging av attraktive senter i Hordaland og er lett for kommunane å ta til seg og å bruka. Det er sett fram retningsliner for korleis kommunane skal/bør forvalta og utvikla sentrum samtidig som det går klart fram av planforslaget at det er kommunane som har ansvaret for planlegginga og forvaltninga av areala.