Norge på langs i 103 dagar

 Endeleg framme på Lindesnes!

Endeleg framme på Lindesnes!

 Turen frå Nordkapp til Lindesnes gjorde jentene unna på 103 dagar.

Turen frå Nordkapp til Lindesnes gjorde jentene unna på 103 dagar.

– Me er framme! I formiddag kom me til Lindesnes fyr, til ein hjertelig velkomst av mamma og Lars Tobias – på den aller finaste dagen å koma til Lindesnes på, skreiv søstrene Mari (26) og Martha Sofie (24) Teigen Varanes på bloggen sin etter å ha gått frå Nordkapp til Lindesnes på 103 dagar.

Jentene var overtydde om at deira støle og slitne kroppar ikkje var i stand til å springa, men då dei såg fyret på Lindesnes fekk dei uante krefter, og dei spurta mot fyret og opp alle trappene – hand i hand. 

– Me har drukke bobler og ete kake, jubla og sunge "Mellom bakkar og berg". Tårer har det også blitt! Det er surrealistisk å vere framme. 

Enden av Noreg er nådd, og jammen er det eit langt land me bur i. Langt og nydelig! Det har vore eit eventyr utan like, og me sit igjen med utallige minne.


Les meir om turen til dei to jentene frå Utåker på http://nplsystrene.com/

 Ut på tur – aldri sur!

Ut på tur – aldri sur!