Ein rekonstruert jernalderbåt

 Rekonstruksjonen av Halsnøybåten skjedde etter initiativ frå Johannes G. Eide. Dette biletet er frå avdukinga av minnesmerket i Toftevågen. Sigrid Kaland frå Universitetet i Bergen steller med oldtidssaker og var kontaktperson under arbeidet med den vidgjetne båten.

Eit av dei eldste båtfunna her i landet vart gjort i Toftevåg i 1896. Halsnøybåten er seinare rekonstruert og det gav spennande informasjon om byggjing og bruk av båtar i eldre jernalder. 

Båtrestane vart funne i ei myr på Buneset. Dateringar av trevirket syner at båten truleg vart bygd på 400-talet e. Kr – det vil seia i perioden vi kallar folkevandringstida. Båten var hogd sund før han vart lagt i myra og tyngd ned med store steinar, og har truleg vore ei offergåve til dei gamle gudane.

Halsnøybåten var øydelagd alt i oldtida, og fleire av båtdelane kom bort eller vart skadde før arkeologane fekk hand om funnet. Båtbyggjar Knut Sørnes hadde difor ei stor utfordring med å rekonstruera fartøyet. Han brukte dei same materialane som i originalen, og nytta reiskapstypar som har vore kjent i jernalderen. 

Båten er sett saman utan bruk av jernnaglar. Båtborda er sydd saman med lindebastsnøre, og spanta er surra fast til klampar i borda.

– Båten set historia i perspektiv. Sjøen har alltid vore vegen for halsnøybuen, men med Halsnøytunnelen går vi inn i ein ny æra, sa Johannes G. Eide i samband med tunnelopninga i 2008.