Løypemerking på Sunde

 Vetlehamn. (Foto: Kristian Hus)

Vetlehamn. (Foto: Kristian Hus)

Dei som deltek i prosjektet Turstiar på Sunde ligg ikkje nett på latsida! Fleire gonger i året er den aktive interessegruppa ute i skog og mark i området rundt heile bygda for å rydda og merka turløyper for sambygdingane sine. Arbeidet blir tvillaust godt motteke av dei som likar å følgja slike løyper.
I vår var gruppa til dømes i Røyrvik-området og merka ei ny løype med utgangspunkt i Vetlehamn (biletet) – ein idyllisk stad vi kom fram til etter å ha kome litt på avvegar under ein tidlegare tur. Den gongen slutta oppmerkinga akkurat her, og vi visste rett og slett ikkje kor vi var. Men ifølgje Ivar Vaage, som har ansvaret for merking av alle turstiane i Sundeområdet, er det no tydelege merke med raud maling både på tre og steinar i området.

Så då får vi berre ta oss ein ny tur dit, og følgja oppmerkinga denne gongen!