To bøker frå Halsnøy i år

 Nils Magne Kloster har teke biletet til framsida av Arne Gjerde si nye bok.

Nils Magne Kloster har teke biletet til framsida av Arne Gjerde si nye bok.

Halsnøy – to forfattarar, to bøker. Det manglar ikkje på initiativ og pågangsmot hjå Ingvild Sjo og Arne Gjerde. Heilt uavhengig av kvarandre kjem dei denne hausten med kvar si bok, førstnemnde med ei barnebok frå bakarmiljøet, medan gründeren på Fatland er i innspurten med si andre utgåve av boka med glimt frå Halsnøy og Fjelbergøyane.

Forteljinga i Ingvild Sjo si barnebok frå bakarmiljøet på Halsnøy kunne godt vore derifrå, og endåtil vore sann, fortel forfattaren til Kvinnheringen. Men det er ho altså ikkje. Det som likevel er sant, er at den tidlegare journalisten allereie har planar om ei ny bok.

Men først kjem altså den første boka hennar ut, venteleg i slutten av november, og tidleg nok til at dei som vil kan kjøpa ho til julegåve. Kor stort opplaget blir, veit ikkje forfattaren noko om i dag.

Julegåve vil også boka til Arne Gjerde kunna høva som, sjølv om ho er like aktuell heile året. I år trykkjer han "Halsnøy 2014" i 700 eksemplar og satsar på utgjeving før 1. november. Den første utgåva i fjor hadde eit opplag på 500, og vart heilt utselt.

Sidetalet er 160, som sist, og det blir det også i vidare utgjevingar, sjølv om Gjerde i desse dagar strevar med å få med alt han skulle ønskt å få plass til.