Teater for barn i Husnes kyrkje

 Kyrkjerottene er midt i blinken for barn mellom tre og seks år.

Kyrkjerottene er midt i blinken for barn mellom tre og seks år.

Laurdag 13. september blir det teater for barn i Husnes kyrkje. Der får du møta to rotter som bur her. Dei fortel oss om det som er i kyrkja, om Jesus, og om ein ny ven dei har fått, nemleg Viggo i tårnet. 

Er du mellom tre og seks år er "Kyrkjerottene" midt i blinken for deg. Er du litt mindre eller litt større, vil du òg få det kjekt!


Jan Ove Fagerheim

kyrkjelydsekretær