Myntklubben ønskjer fleire medlemmer

 Myntklubben har eiga side på Facebook.

Myntklubben har eiga side på Facebook.

– Vi er knappe 20 medlemmer, men ønskjer at fleire blir med, melder Herbjørn Jakobsen på Facebook-sida til Kvinnherad myntklubb.

 Herbjørn Jakobsen er ansvarleg for myntklubben si Facebook-side. Kåre Nedrevåg er leiar i klubben.

Herbjørn Jakobsen er ansvarleg for myntklubben si Facebook-side. Kåre Nedrevåg er leiar i klubben.

Klubben held til i Røde Kors-huset på Husnes, og har møte om lag ein gong i månaden. Der diskuterer dei, vurderer kvalitet på myntane, byter innbyrdes, kjøper og sel myntar. Klubben har òg oppretta si eiga side på Facebook. Det håpar klubben skal få opp interessa hjå fleire andre.
Sida på Facebook er lukka for å hindra useriøse brukarar å koma inn på sida, seier Jakobsen.
Førebels driv ikkje myntklubben med auksjon, men dei har linkar til fleire sider på nettet, slik at interesserte kan vera med og by her. Det er ope for alle, både dei som er nybyrjarar og dei som er komne litt lenger. Ein ting er likevel felles, det er at ein hjelper kvarandre.
Også frimerkesamlarar (filatilistar) og kortsamlarar er velkomne i Kvinnherad myntklubb. Det er ingen plikter – og heilt gratis, reklamerer Herbjørn Jakobsen.

Interesserte kan senda ein privat epost på Facebook.