Ny diskusjon om ferjestø på Stord

–  Avklaring av det framtidige sambandet mellom Stord og Kvinnherad vil vera eit viktig innspel, slik at det blir teke omsyn til kryssløysing og tilførselsveg i den statlege planen for ny E39. Det skriv direktøren for samferdsel i Hordaland fylkeskommune, Reidar Rasmussen i eit brev til Stord kommune.

Han gjer det klart at det er behov for å sjå sambandet mellom Stord og Kvinnherad i ein samanheng med både framtidig trasé for E39, samt det øvrige fylkesvegnettet i området.
Samferdselsdirektøren peikar òg på at etableringa av ferjeleiet på Ranavik i si tid vart knytt til finansieringa av Halsnøytunnelen, som er venta nedbetalt i 2023 (15 år). Utifrå dette ønskjer fylkeskommunen å vurdera ulike alternativ for framtidig ferjeleie på både Kvinnheradsida og Stordsida, samt ulike ferjedriftsopplegg.

– Siktemålet bør vera å få vurdert det framtidige ferjesambandet mellom Kvinnherad og Stord i løpet av våren, som eit innspel i høyringsprosessen om planprogrammet for statleg plan E39 Stord –Os, skriv fylkesdirektøren.

I brevet blir det vist til vedtak i Stord kommunestyre 2013 der politikarane valte å leggja vekk drøftinga om nytt ferjestø for Kvinnheradferja og inntil vidare satsa på Skjersholmane.
Det blir også vist til siste vedtak i Kvinnherad kommunestyre, der det vart full støtte til vegkontoret sitt forslag om nytt ferjestø på Kvednaneset, like nord for Fuglevikjo på Stord.
I tida framover kan det altså ventast nye rundar med debatt om kor ferjestøet på Stord skal vera. Det nye no er at høgttenkjarar i samband med ny E39 og bru over Langenuen i sør, har flytta «Stordstøet» i Kvinnheradsambandet over til påkoplings- og kryssingspunktet på Hodnanes – med veg/ferje/tunnel inn via Skorpo eller Huglo.

Av Steinar Hystad
www.stordnytt.no