Otto Benjaminsom toppar KrF-lista

Kristeleg Folkeparti i Kvinnherad har hatt nominasjonsmøte og køyrer fram veteranen Otto Benjaminson frå Halsnøy som partiet sin ordførarkandidat ved valet i haust. 64-åringen har lang fartstid i kommunepolitikken, blant anna frå kommunestyret og formannskapet. Han har også vore varaordførar ein periode.

Hildegunn Aarthun Eiane og Marit Elisebet Totland, begge busette på Valen, gjev seg når denne valperioden er ute.

– Det er spennande å trø til igjen som toppkandidat. Eg gler meg til å vera med å påverka Kvinnherad i rett retning, seier Benjaminson til Kvinnheringen.

Slik ser lista ut:

1. Otto Benjaminson, Halsnøy Kloster

2. Oddbjørg Heimark, Rosendal

3. Asle Teigen, Sandvoll

4. Kristine Bjorøy Hestad, Seimsfoss

5. Tone Boland Johansen, Hatlestrand

6. Marit Årthun, Åkra

7. Stein Elling Schille, Rosendal

8. Eileen Vik, Sæbøvik

9. Astrid Naterstad, Seimsfoss

10. Arnfrid Grasdal, Valen

11. Torill Tjelle Sortland, Sunde

12. Alf Jarle Langeland, Valen

13. Kristine Frøystein Reime, Herøysundet

14. Berit Berge, Åkra

15. Marta Kroka, Husnes

16. Frøydis Sjo, Halsnøy Kloster

17. Arne Lindekleiv, Husnes

18. Bjørg Tveitnes Waage, Rosendal

19. Svanhild Sundal, Mauranger

20. Magnhild Furdal, Matre

21. Arne Gjellan, Rosendal

22. Aslaug Hellesøy, Løfallstrand.

Otto Benjaminson er veteran i Kvinnherad-politikken. (Foto: Ola Matti Mathisen)

Otto Benjaminson er veteran i Kvinnherad-politikken. (Foto: Ola Matti Mathisen)