Husnesing på gitar-festival i India

 Master Class med Roland Dyens

Master Class med Roland Dyens

Lars Ivarsøy frå Husnes, no busett i Dubai der han er kaptein i flyselskapet Emirates, deltok i førre månad på ein internasjonal gitarfestival i Calcutta. Det blei ei stor oppleving, skriv han i denne reportasjen.

 Roland Dyens spelar på gitaren min, medan vi ventar på flyet.

Roland Dyens spelar på gitaren min, medan vi ventar på flyet.

I haust bestemte eg meg for å gjera noko eg aldri har gjort før; nemleg å reisa til Calcutta, eller Kolkata, som deltakar på ein internasjonal gitarfestival. Det høvde slik at eg hadde ei lita veke ferie i desember og etter å ha snakka med gitarlæraren min, Petko Genkov, og samstundes fått «lov» hjå kone og barn, var det berre å melda seg på.

 Petko og sjåføren som køyrde oss til flyplassen då me skulle heim.

Petko og sjåføren som køyrde oss til flyplassen då me skulle heim.

Festivalen blir arrangert av Calcutta Classical Guitar Society, denne gongen for femte året på rad. Den er no blitt den største klassiske gitarfestivalen i Asia med utøvarar frå heile verda. Dei held konsertar saman med dei andre deltakarane, og i tillegg er det også ein konkurranse under festivalen.

Kolkata var hovudstaden i India fram til 1911, og det bur i dag ca 14,5 millionar menneske her. No er byen hovudstad for Vest-Bengal, ein stat eller fylke i landet. Kolkata blir rekna som det kommersielle, kulturelle og pedagogiske knutepunktet i Aust-India. Byen skifta namn frå Calcutta til Kolkata om lag på same tid som festivalen blei etablert. Festivalkomiteen bestemte seg samtidig for å behalda det engelske namnet på byen i festivalnamnet.

Lytta og læra

Eg reiste til festivalen med forventing om å høyra bra gitarmusikk og samtidig få læra litt meir om dette fantastisk flotte instrumentet, og fekk mykje meir enn eg kunne tru på førehand. Varmen og kjenslene til folka eg møtte i Vest-Bengal, var heilt utruleg. Det er nesten som eg har fått ein ny familie!

Dagane starta med innleiande rundar i konkuransen, der kvar deltakar hadde 10 minutt på å spela. Det var instruksjon og konkurranse heile dagen, og to konsertar kvar kveld. Den siste dagen stod 10 deltakarar igjen til finalerunden, og då hadde dei 20 minuttar kvar på å spela musikk. 

Det var høgt nivå, og tett konkurranse blant dei beste. Vinnaren blei Campbell Diamond frå Australia. Samuael T. Klemke frå Tyskland og Martin van Hees frå Holland tok andre og tredje plass.

Dei inviterte deltakarane var Marcin Dylla (Polen), Cavatina Duo, som er Denis Azabagic (Bosnia) og Eugenia Moliner (Spania) på tverrfløyte, Johannes Möller (Sverige) saman med Arif Khan (India) på Tabla, Daniel Marques (Brazil), Amadeus Guitar Duo som er Dale Kavanagh (Canada) og Thomas Khirchhoff (Tyskland) og Roland Dyens, som heile festivalen var til ære for. 

Denis Azabagic og Dale Kavanagh hadde eigne solokonsertar, i tillegg til konsertane ilag med sine respektive duettpartnarar.

Eg fekk med meg alle konsertane utanom Marcin Dylla, då eg dessverre ikkje rakk fram i tide til hans framføring. I tillegg til breidt klassisk repertoar, var det bossa-nova frå Brazil, og Johannes Möller sine komposisjonar, med masse innflytelse frå indisk musikk. Han spelte ilag med ein fantastisk trommis, Arif Khan på Tabla, og dei hausta stor jubel frå det lokale publikummet. 

Magisk konsert

Alle konsertane var utruleg bra, og spesielt syntes eg Denis Azabagic si framføring av Out of Africa var fantastisk flott. Konserten til Roland Dyens var også heilt magisk. I tillegg til at han spelar utruleg bra på gitaren sin, får han ein heilt spesiell kontakt med publikummet sitt. Han er blant anna kalla den klassiske gitar sitt svar på Jimmy Hendrix. Han er òg kjend for sine improvisasjonar, og konserten starta med det. Resten av stykkene var henta frå hans eigne komposisjonar.

Alle som deltar på denne festivalen får tilbod om ein «masterclass». (Eg har leita etter eit norsk ord for det, utan hell). Men det er heilt enkelt ein musikktime med ein maestro, og klassen er open for publikum. Og typisk for festivalar som dette, er at dei inviterte artistane held desse klassane. Eg hadde også min time, med ingen ringare en akkurat Roland Dyens. Var veldig nervøs, og skalv vel mykje på handa dei første minuttane, men tødde opp etter kvart. 

Stykket eg hadde førebudd heiter Impromptu, av Emilio Pujol. Det blei ei utruleg lærerik og fin erfaring. Eg lærte også mykje av dei andre klassane som eg høyrde på.

Alt i alt ei kjempeoppleving med masse fantastisk fin musikk, men også sterk mat, kraftige lukter og levande fargar. Så spelar du gitar vil eg absolutt anbefala deg å reisa på festival – her eller der. I Europa er det mange festivalar gjennom heile året. Som regel er billettane til konsertane ved slike festivalar til sals for alle andre også, utanom deltakarane.

Av Lars Ivarsøy

 I selebert selskap etter båttur på Ghanges, som dei kalla elva gjennom byen. Frå venstre Roland Dyens, Petko Genkov, Lars Ivarsøy og Marcin Dylla. 

I selebert selskap etter båttur på Ghanges, som dei kalla elva gjennom byen. Frå venstre Roland Dyens, Petko Genkov, Lars Ivarsøy og Marcin Dylla.