Festivalbygdene – der folk trivst

Eit av måla med brosjyra er er å auka bulysta i Kvinnherad.

Eit av måla med brosjyra er er å auka bulysta i Kvinnherad.

Kvinnherad kommune, Kvinnherad Næringsservice og Festidalen har i samarbeid fått laga ei ny skrytebrosjyre for Kvinnherad. Målet er å auke bulysta i Kvinnherad.

Ved å visa fram noko av det lokale festivalmangfaldet og elles freista å stilla Kvinnherad i eit positivt lys, ønskjer samarbeidspartane å visa at dei set pris på heimstaden og gi nye, potensielle innbyggjarar lyst til å flytta hit.

I Kvinnherad er det årleg om lag 20 festivalar, store tilskipingar og organiserte bygdedagar. Nokre av desse vert trekte fram som døme på det kulturelle mangfaldet i kommunen. I tillegg vert attraksjonar som Halsnøy kloster, Baroniet Rosendal og Folgefonna nasjonalpark avlagt ein visitt. Det vert også fokusert på det varierte næringslivet og jobbmoglegheitene i Kvinnherad.

Til inspirasjon

Det har ikkje vore noko mål å presentera alle delar av Kvinnherad, til det har både spalteplassen og ressursane elles vore for knappe. Dei som står bak trykksaka håpar ho kan vere til inspirasjon om andre vil engasjere seg og byggje vidare på det lokale omdømearbeidet. 

Den nye brosjyren er berre ei ørlita brikke i noko ein kan håpe vil vekse seg større, slik at alle delar av kommunen får den merksemda som Kvinnherad fortener. Denne gongen er tema, tekst og bilete sett saman med særleg tanke på ei målgruppe i alderen 20 – 30 år, gjerne ferdig eller nesten ferdig med utdanning og kanskje i ferd med å stifte familie.

Finansiering

Ei rekkje private firma har gjennom annonsar finansiert tiltaket, medan lokale arrangørar, verksemder og fotografar har vederlagsfritt stilt opp med bilete.

Brosjyren er tilgjengeleg i digital utgåve mellom anna på heimesida til kommunen der ho ei tid vil ha fast plass i høgre del av nettsida. No håpar utgjevarane at kvinnheringane vil hjelpa til med å spreie internettlenka til sine kontaktar nær og fjern. Brosjyren vil liggja ute i eitt år, så vil det verte vurdert om den skal fornyast.

Her er lenke til brosjyra 

Ei trykt utgåve vil verte spreidd i eit avgrensa opplag til ulike aktørar.

Av Anbjørn Høivik
Kvinnherad kommune