«Fram og tilbake over fjorden» selde best

 Harald Sætre og Kapabel Forlag opplever godt boksal.

Harald Sætre og Kapabel Forlag opplever godt boksal.

Utflytt uskedeling og lokalhistorikar Harald Sætre opplever ikkje uventa at boka med historia til ferjene på fjorden er godt og populært lesestoff.

Ifølgje uskedalen.no var det boka «Fram og tilbake over fjorden» som selde best i Rosendal Bokhandel og Kvinnherad Libris på Husnes i fjor.

Dei lokale bøkene toppar i det heile salsstatistikken i Kvinnherad til jul.

Dei fremste konkurrentane til Harald Sætre si bok var årboka for Sunnhordland og boka om Strandebarmaren. Men ingen av desse bøkene nådde noko kjempeopplag.

Bokhandlar Bente Soldal i Rosendal opplyser til Grenda at det har vore god framgang i boksalet gjennom heile året.

Av Ola Matti Mathisen
uskedalen.no