På hovudet på Trolltunga

 Å stå på huvudet påverkar humøret positivt, meiner Anton Tsjarusjin.

Å stå på huvudet påverkar humøret positivt, meiner Anton Tsjarusjin.

Russaren Anton Tsjarusjin publiserte på seinsommarn i fjor eit bilete av seg sjølv medan han stod på hovudet på Trolltunga i Hardanger. I går, laurdag 3. januar plukka Instagrams eigen konto det opp, og då tok det heilt av, skriv Haugesunds Avis på nettsida si.

Bildet er søndag ettermiddag – 16 timar etter at det blei lagt ut på Instagram  – likt av nær 750.000 menneske, og bildet har fått nær 9.000 kommentarar.

Sjølv skriv Tsjarusjin følgjande om bildet:

– Når eg reiser, likar eg ikkje å posta dei same gamle «meg og noko vakkert i bakgrunnen»-bileta. Eg likar å dela noko unikt, så eg brukar mine evne til å stå på hovudet.

Det er Instagram sjølve som har trekt fram bildet. Nettstaden skriv at Tsjarusjin har etablert hashtagen #stolbyshking. Ordet skal illustrera at han står på hovudet på ulike stader, noko vi kan sjå på hans eigen Instagram-konto.

– Å stå på hovudet lar blodet flyta til hjernen, noko som påverkar humøret positivt og skjerpar sinnet mitt, skriv russaren.

Trolltunga har også i fleire andre samanhengar blitt brukt i internasjonale medier. Mange kvinnheringar tar òg turen dit kvart einaste år.