Jakob Sande i senioruniversitetet

 Ungdomsbilete av Jakob Sande.

Ungdomsbilete av Jakob Sande.

Torsdag 15. januar vitjar Olav Kobbeltveit Kvinnherad Senioruniversitet med kåseri om Jakob Sande.

Kobbeltveit er frå Fjell og har vore journalist i Jærbladet, Hallingdølen, Nynorsk Pressekontor og Gula Tidend. Han vart tilsett i Bergens Tidende i 1982, der han i 1995 gjekk over i stillinga som politisk redaktør, og var der fram til 2013. Som tidleg pensjonist har han no ei spalte i Bergensavisen kvar fredag.

Olav Kobbeltveit har hatt eit nært forhold til Jakob Sande si dikting like frå barnsbein av. I 1977 då han fekk jobb i Oslo, kom han tett på Herbjørn Sørebø, ein sambygding av Jakob Sande, og lærde litt om det mangslungne livet til diktaren frå Dale i Sunnfjord. I kåseriet sitt i senioruniversitetet vil Kobbeltveit fortelje både om diktinga til Sande og om eit diktarliv som hadde både sine gode og litt tragiske sider. 

Jakob Sande opplevde å bli høgt verdsett av ein stor lesarskare. «Dikt i utval» og «Dikt i samling» er selde i over hundre tusen eksemplar. Det er eineståande i norsk samanheng. Men livet som lærar på Ullern Gymnas i Oslo var ikkje alltid like lysteleg.

Kobbeltveit er kjent som ein særs dyktig kåsør, og vi kan sjå fram til ei god oppleving.

Etter kåseri med kaffipause vert det halde årsmøte for Kvinnherad Senioruniversitet. Årsmøtedokumenta ligg på heimesida senioruniversitetet.no og vil vere tilgjengelege i årsmøtet. Møtet er på Rosendal Fjordhotell.

Vel møtt!

Grethe Brundtland
leiar