Årbok nr 17 frå sogelaget

98 år gamle Klara Døssland frå Uskedalen er med i boka. (Foto: Thor Inge Døssland)

Kvinnhersminne – årbok XVII er no klar frå trykkeriet. Det er blitt ei flott bok, som vi gler oss til å syna. Denne utgåva handlar i hovudsak om kvinnheringar som gjorde si første reise i utanriksfart.
Dessutan har sjømannspresten, husmora ved sjømannskyrkja og «sjømannsenkja» gjeve sine bidrag til årboka. I tillegg til desse historiane kan ein lesa om den gamle handelsstaden Dimmelsvik og om «fabrikkane på Dimmelsvik».
Boka inneheld òg eit rikt biletmateriale, som illusterer dei ulike artiklane. Alle bidragsytarane er inviterte til ei tilskiping i det gamle skulehuset i Uskedalen torsdag 22. oktober kl 18.00. Sogelagsmedlemer og andre interesserte er også hjarteleg velkomne.
På tilskipinga vil ein orientera nærare om innhaldet i boka og om det praktiske arbeidet som førde fram til sluttresultatet. Det blir òg ei kaffiøkt der ein kan få høve til snakka nærare med dei artikkelforfattarane som er til stades.
Boka kjem i sal hjå bokhandlarane på Husnes og i Rosendal.

Kvinnherad Sogelag
Skriftstyret

Les meir her