Sjøsette «smykke» på Sunde

Dette er det nye smykket til Sigmund Nordfonn. (Privat foto),

Etter mange timars arbeid siste året kunne Sigmund Nordfonn på Sunde fredag sjøsetja det han karakteriserer som eit smykke; ei 26 fots snekke som Andor Tveit bygde i 1969. Båten har hatt skiftande eigarar før Nordfonn fekk hand om henne i fjor. Han meinte det var viktig å behalda ein så fin båt i bygda ho opprinneleg kom frå.

Det er ikkje første gongen snekka blir sjøsett i Bergslagen.

Sjøsetjinga fredag føregjekk på gamlemåten, det vil seia at ho vart dregen ut på tvers av skinnegangen slik dei gjorde før i tida, fortel Nordfonn til Skimtvis.

Etter at den første eigaren var komen til skils år og alder, kjøpte Andor Tveit båten tilbake på 1990-talet og føretok ein del endringar. Blant anna vart snekka gjort høgare ved at ho fekk ein ekstra bordgang. Også styrehuset vart ombygd. Det er òg sett inn ny motor, ein Volvo MD 30 med 85 Hk.

Etter at Nordfonn vart ny eigar i fjor har han pussa og gnidd, som han seier, og fått god rådgjeving under vegs i arbeidet av Einar Tveit, bror til den gamle skipsbyggjaren som døydde i fjor.

Snekka har fått namnet «Sunce», som betyr sol på kroatisk. Den stolte eigaren skal bruka det nyoppussa «smykket» sitt til fisking og dykking, og til turar med kona rundt om i den fine skjergarden i Sundeområdet.

Gammaldags sjøsetjing, på tvers av skinnegangen.