Majestetisk utsyn

Flott utsyn mot Ringeriksfossen og Prestavatnet. (Foto: Lars Martin Teigen)

Hobbyfotograf Lars Martin Teigen frå Husnes går mykje på tur i vår vidstrakte kommune, og kjem ofte over flotte motiv som han etterpå publiserer på bloggen sin.

Nyleg var han og ein kamerat på tur til Bjørndalssætrane ovanfor Hattebergsdalen i Rosendal. Dei gjekk ikkje den vanlege stien opp langs Ringeriksfossen, men tok i staden av lenger nede i dalen, der dei etter kvart kom opp på Markaskorane. Derifrå hadde dei eit majestetisk syn mot fossen og Prestavatnet og innover mot Bjørndal.

Les meir her