Godt vaksen på Sydvest bokfestival

Førstkomande torsdag den 12. november opnar Sydvest bokfestival i Etne. Der vil ein kunne høyra, sjå og møta ei rekkje forfattarar, utgjevarar og andre bokfolk frå Sunnhordland, Haugalandet, Ryfylke og Hardanger. Det er eit fokus på lokal historie, kultur og identitet, og er ein møtestad for historieinteresserte. Her kan ein høyre om nylege bokutgjevingar, la seg inspirera og motivera til sjølv og setje i gong prosjekt, og styrkje kunnskapene om fag og handverk. 

Ein av dei som er der for å snakka litt om ei slik bok, er Kristen Børje Hus, fotograf, formgjevar og no utgjevar av Godt vaksen. Kristian Hus har snakka med 12 eldre kvinnheringar, og Kristen Børje Hus har teke bilete av dei og sydd saman det heile i det som er boka Godt vaksen. På bokfestivalen i Etne vil han snakke litt om prosessen, om korleis det er å fotografere godt vaksne menneske, og litt om korleis det er å gje ut bok på eige forlag. 

Presentasjonen er i Skakkesenteret i Etne, på sundag 15. november klokka 13.00. Billettar til presentasjonen og/eller festivalen kan ein kjøpe i døra på Skakkesenteret. Vel møtt!

Innhaldet i boka

Godt vaksen inneheld intervju med tolv eldre kvinnheringar, som alle fortel sine individuelle historiar frå oppvekst, vaksen alder og alderdom. Saman gjev historiane deira eit syn på eit samfunn i endring, og mellom linjene kan vi lesa om universelle verdiar og tankar som vi alle kan gjera oss, uavhengig av kor vi er i livet eller kor vi bur. Alle tekstane er illustrerte med nye (og nokre gamle) fotografi av personane som er intervjua, samt nokre glimt frå korleis dei bur.

Dei som er portrettert i boka er:

Bernt Kaldestad
Valborg Vikane
Karl Landro
Solveig Heimvik
Reidar Hjelmeland
Tordis Gausvik
Jens Ljosnes
Ragna Hjelmeland
Wenche Skaaluren
Bjørg Hellesøy
Bjarne Enæs
Birgit Boland

I tillegg inneheld boka tre essay, som er skrive av tre ulike skribentar i ulike fasar av livet. Dei kjem med nokre tankar om alderdom frå ulike ståstader. Desse er Karen Anna L. Kleppe, Ove Tvedt og Otto Blokhus.

Boka kan kjøpast ved desse salsstadene i Kvinnherad: 

  • Libris Kvinnherad, Husnes
  • Rosendal bokhandel
  • Spar Uskedalen
  • Spar Sæbøvik
  • Fjelberg Landhandel
  • Spar Hatlestrand
  • Nærbutikken i Åkra

Ein kan også tinga boka her.

Om Sydvest bokfestival

Sydvest bokfest har mykje å by på elles også. Det vil vere presentasjonar av nye bøker, boksal, signeringar, utstillingar, verkstader, film, kafè m.m. Over 20 forfattarar vil vere representerte gjennom 30 arrangement på Skakkesenteret i Etne. Nokre av namna er Oddgeir Bruaset, Siri Helle, Lars Lundal, Nils Olav Østrem, Drude Isene og mange fleire. 

Frå programmet: 

  • Juletradisjonar, hagar, kortreist mat, flettehandverk, kunstnarar, torvskjæring, dyreliv
  • Jordbruk, skipsfart, olje- og gassindustri
  • Historie og lokalhistorie 
  • Kommunikasjon, formidling, videodokumentering, internett

Vi oppmodar folk frå Kvinnherad til å ta seg ein tur!

Trykk HER for programbrosjyre du kan bla i.

Trykk HER for programbrosjyre enkeltsider.

Trykk HER for Sydvest bokfestival på Facebook.