Bok om markante vendepunkt

Boka til Tor Bringedal er på 430 sider.

Boka til Tor Bringedal er på 430 sider.

– Etter mi vurdering var perioden frå 1945 til 1965 den mest intense i Kvinnherad komune si politiske historie, seier Tor Bringedal.

– Etter mi vurdering var perioden frå 1945 til 1965 den mest intense i Kvinnherad komune si politiske historie, seier Tor Bringedal.

Det vore mykje vellæte å høyra om den nye boka til lokalhistorikaren og forfattaren Tor Bringedal, «Kvinnherad 1945 – 65. Omveltning». Boka handlar om den politiske utviklinga i kommunen, frå det mellombelse kommunestyret tok over styringa i 1945 til kommunesamanslåinga i 1965.
– Begge tidspunkta er markante vendepunkt i Kvinnherad si historie, men i nokre kapittel er det naudsynt å trekkja trådar både bakover og framover i høve til tidsgrensene, skriv Bringedal i føreordet.
Forfattaren reiser spørsmålet om omvelting er ein treffande tittel på ei bok om Kvinnherad i dei første 20 etterkrigsåra. Hans bilete av omvelting er henta frå jordbruket, der torva vart snudd, plogfòr for plogfòr for å få fram eit nytt grolag og ny vekst.

Ikkje brå revolusjon

– Det er ikkje mykje brå revolusjon i eit slikt bilete, seier Bringedal, men endringa er fullstendig når arbeidet er gjort. Han meiner endringane må innebera at Kvinnherad var ein heilt annan kommune ved slutten av perioden enn ved starten. Det er denne påstanden han prøver å underbyggja i boka.
Boka er ikkje kronologisk i den forstand at skribenten føl ei samla utvikling frå 1945 til 1965. Derimot er historia oppdelt i ni kapittel, som kvar tek for seg eit gjennomgåande tema og avslutta tema for heile perioden.

Politisk historie

Bringedal sin intensjon har vore å skriva den politiske historia til Kvinnherad kommune, men då er politisk tolka i snever forstand, skriv han i føreordet. Han har ikkje funne rom for mange andre sider, som heilt opplagt har hatt noko å seia for utviklinga av kommunen. Det er nok å nemna lags- og organisasjonsliv og næringsutvikling, som ikkje var direkte påverka av kommunale vedtak.
– Også i denne boka må vi løfta blikket og sjå oss rundt, seier Tor Bringedal. Først og fremst er det dei næraste nabokommunane som er interessante, etter som innbyggjarane i fleire av desse kommunane blei kvinnheringar frå 1. januar 1965.

Intens periode

– Etter mi vurdering var perioden frå 1945 til 1965 den mest intense i Kvinnherad komune si politiske historie, seier Tor Bringedal. Ingen annan periode kan visa til så mange og omfattande endringar, som desse første åra etter andre verdskrigen. Fleire av endringane var initierte frå staten eller frå internasjonal storkapital. Til tider kan det sjå ut som om dei kommunale styresmaktene vart meir eller mindre sette på sidelina. Men i andre samanhangar var det kommunen som hadde initiativet og sjølv skapte den høge temperaturen, påpeikar forfattaren i etterordet.

Den svært interessante boka, der vi får eit godt og grundig innblikk i den perioden Bringedal omtalar, er på 430 sider og trykt i 500 eksemplar. Boka bør absolutt kjøpast og lesast!

– Skal vi læra av historia, må historia formidlast, seier Tor Bringedal.

«Kvinnherad 1945 – 65. Omveltning» kan kjøpast hjå Kvinnherad Libris på Husnes, hjå Rosendal bokhandel eller direkte frå forfattaren si nettside her eller heime i Herøysund.

Prisen er kr 450,-.