130 år med nynorsk

På møtet i Kvinnherad kommunestyre denne veka var det markering av at tidlegare Fjelberg kommune, som no er ein del av Kvinnherad, var verdas fyrste nynorsk-kommune.
Og dermed vart saka om å vedta eigen språkbruksplan teken opp i kommunestyret av Gaute Lund, representant frå Sosialistisk Fellesliste.

– Det handlar om å verte ein god nynorskkommune, og det gjeld også barnehage og skule, seier Gaute Lund, som også er styremedlem i Kvinnherad Mållag. Ordskiftet vart kort, men morosamt.
Ordførar Peder Sjo Slettebø, gjorde det klart at kommunen skal halde på nynorsken.

– Kvinnherad var den fyrste nynorskkommunen i verda, og om så gale skulle vere, skal Kvinnherad verte den siste nynorskkommunen i verda også.

Johnny Håvik (Ap) vedgjekk den ungdomssynda at han valde bokmål på Sunde skule i si tid, men har no gått over til å skriva nynorsk.
–  Og det vert lettare no som eg veit at eg kjem frå verdas fyrste nynorskkommune, seier Johnny Håvik.

Håvik nytta også høvet til å snakka fint om mållaget si marsipankake frå talarstolen. Tidlegare på dagen hadde Kvinnherad Mållag utdeling av marsipankake for å feire 130 år med nynorsk.
Og Ølve Mållag sende blomehelsing til ordførar og kommunestyret, og ynskte til lukke med dagen.

(Frå nettsida til Noregs Mållag)