Frå storby i Afrika til Kvinnherad

 Mowlid og Mohammed er imponerte over dei høge fjella. Her med Ulvanåso i bakgrunnen.

Mowlid og Mohammed er imponerte over dei høge fjella. Her med Ulvanåso i bakgrunnen.

For vel ein månad sidan fekk Uskedalen nye innbyggjarar; tre unge gutar på rundt 20 år fra Somalia flytte då inn i leileghet i Beinavikjo. Dei kjem frå hovudstaden i Somalia, Mogadishu, og har flykta frå utrygge kår i den afrikanske millionbyen til eit trygt liv i Kvinnherad. Vegen hit har tatt si tid.

Mohamed (20 år), Ali (21) og Mowlid (20) er no i gang med å læra meir norsk på vaksenopplæringa på Husnes. Dei to førstnemnde snakkar allereie godt norsk.
Mohammed har hatt norskopplæring dei to åra han har vore på mottak i Sandnes, medan Ali har lært norsk i åtte månader medan han var på mottak eitt år og fire månader på Jæren. Mowlid kjem også frå Sandnes mottak der han budde eitt år og åtte månader, men han har berre lært det nye språket i fire månader. Noko av grunnen til dette er at han var ute for ei stygg sykkelulukke, som medførte sjukehusopphald. Alle tre er svært motiverte og lærevillige!

Omvising i bygda

Til no har livet i Uskedalen stort sett dreia seg om skule, ein tur på butikken og livet i leiligheten. Derfor avtala uskedalen.no ein biltur med omvisning for gutane, samstundes som vi hadde ein prat med dei med tanke på ein artikkel på nettsida. 
Ali var ikkje heime denne laurdagen. Den ivrige fotballspelaren var i Odda og spelte fotball med somaliske, norske og eritreiske venner.
 
Då vi møtte Mohammed og Mowlid på Vikjo, var noko av det aller første Mohammed fortalde om den snille nabodama, som hadde kome med eit stort julebrød til dei dagen før. Det glade ansiktet fortalde mykje meir enn mange tusen ord kor mykje dei sette pris på det!
 
Turen vår gjekk opp Uskedalen, og dei to let seg imponera av dei høge fjella, og var overraska over kor stor Uskedalen var. Vi viste mellom anna utgangspunkt for turløyper, og begge hadde lyst på turar til fjells til sommaren.

Positivt

Då vi spurde om korleis dei hadde det i Uskedalen, var det berre positivt å høyra.  Dei har fin leilighet, kort veg til butikk og busstopp, snille naboar, og så var dei begeistra for utsikten. Einaste var nok at det skein gjennom at dei ønskte eit meir aktivt liv, slik dei hadde i Sandnes. Det rekna dei med skulle koma etter kvart.

Etter samtalen var det naturleg å visa dei både Heio, kunstgrasbanen, styrkerommet og aktivitetshuset. Det som føregjekk alle desse stadene var av stor interesse, og dei håpa å koma i gang med trening så fort som mogeleg. 
 
Symjing likte dei òg. Dermed måtte vi jo visa kor bassenga i Rosendal og på Husnes var. Dei fann ut at det ville vera lettast for dei å bruka bassenget på Husnes, sidan månadskortet på bussen til 935 kroner berre gjeld for reiser mellom Uskedalen og Husnes. 
 
Det er tydeleg at det er tre aktive og positive ungdommar som er komne til bygda. Dei har lyst til å koma i gang med aktivitetar. Ali og Mowlid er dei to som er mest interessert i fotball. Førstnemnde spelte til og med seriefotball for Nærbø då han budde der på mottak. Noko anna dei har lyst til å koma fort i gang med, er trening i treningsrommet. Vi håpar dei vert trekte med i aktivitetslivet, men alle skal vita at dei tre høflege unggutane også set pris på eit vennleg smil og ein liten samtale.

Av Thor Inge Døssland
uskedalen.no