Vi skal få meir miljøvennlege ferjer

  Gassferja "Selbjørnsfjord" på strekninga Halhjem – Våge er ei av 20 ferjer som trafikkerer 16 fylkesvegsamband i Hordaland. (Foto: FosenNamsos Sjø AS)

Gassferja "Selbjørnsfjord" på strekninga Halhjem – Våge er ei av 20 ferjer som trafikkerer 16 fylkesvegsamband i Hordaland. (Foto: FosenNamsos Sjø AS)

Hordaland fylkeskommune ønskjer å gje innbyggarane betre ferjer, som òg er mykje betre for miljøet. Det seier fylkesvaraordførar Mona Hellesnes etter at fylkesutvalet har vedteke at ferjeflåten i fylket skal bli meir driftssikker og miljøvennleg når nye ferjeanbod blir lyst ut.

I dei nye kontraktane for ferjedrifta satsar fylkesutvalet på ein miljømodell med krav om lågutslepp. Null-utsleppsteknologi skal bli førebudd der det er teknologisk og økonomisk mogeleg. Fylkesutvalet tek likevel atterhald om tilpassing til forventa statlege tilskot, utvikling i teknologi og kostnadsnivå.

Fylkeskommunen har teke initiativ til at staten skal kome på bana for å styrke ferjedrifta.

– Skal vi lukkast, må vi få med staten, både på auka driftstilskot og på utvikling av nye ferjer med ny teknologi. Dette er eit viktig bidrag til teknologiutvikling ved verfta våre, seier fylkesvaraordføraren.

Ferjekontraktane går ut i perioden 2018 – 2020, og dei nye kontraktane skal gjelda for mellom åtte og 14 år, inkludert opsjonar.

Ein halv milliard kroner

Hordaland fylkeskommune har ansvar for 16 ferjesamband med totalt 20 ferjer. I 2013 frakta dei 2,3 millionar køyretøy og 4,4 millionar passasjerar. 

Det er rekna ut at drifta av ferjene i åra framover vil bli mellom 20 og 40 prosent dyrare enn det fylkeskommunen betalar i dag.

Ut på hausten skal dei første nye ferjekontraktane i Hordaland lysast ut på anbod og i løpet av 2016 skal alle nye ferjekontraktar bli signert.