Karnevalshelg i Spania

 Coca Cola-skjørt. Skal tru om Cola-konsernet har betalt noko for dette?

Coca Cola-skjørt. Skal tru om Cola-konsernet har betalt noko for dette?

(NERJA): Medan Kvinnherad kulturfestival blei arrangert på Husnes, fekk andre kvinnheringar oppleva eit tre dagars flott karneval i Nerja, ein liten by aust for Malaga, kor mange nordmenn oppheld seg store delar av året.

Det tradisjonelle karnevalet på denne tida av året markerer at det snart er fastetid. Då blir blant anna det som skal førestilla ei stor sild frakta på båre i eit stort opptog til stranda, og «gravlagt» der etter gammal skikk.

Men karnevalet i februar her i Nerja er så mykje meir enn «gravleggjing» av ei symbolsk sild. Spesielt den store og fargerike paraden med ulike musikalske innslag og varierte kostymar og drakter gjennom dei tronge gatene i byen, var eit flott skue for mange tusen feststemte menneske – i og utanfor prosesjonen.

Vi vågar påstanden om at ikkje noko 17. mai-tog heime kjem opp mot dette!

Flott oppleving

Ein kveld under karnevalet vart det også arrangert stor konkurranse om dei finaste draktene i ulike kategoriar for både vaksne og barn. Kåringa føregjekk i eit stort telt på Plaza de España, eit steinkast frå den kjende Balcon de Europa. Også det ei flott oppleving!

Dagen etterpå fekk vi sjå alle deltakarane i sine flotte og fargerike kostymar og drakter i ein musikalsk rytmisk prosesjon, som varde i eit par timar. Dette kan spanjolane!

Søndag ettermiddag og kveld kuliminerte det heile med ein stor prosesjon til minne om fiskaren El Chanquete, der blant andre sørgjande og svartkledde enker og enkemenn, deltok i det som skulle førestilla eit gravferdsfølgje, før fastetida set inn. På «båra» låg noko som likna på ei stor sardin. Ho vart til slutt brent på stranda nedanfor Balcon de Europa, medan fyrverkeriet fór til vêrs, alt til minne om den gamle fiskaren. Vi får tru han set pris på silda han får i Nerja kvart år i februar. I alle fall er spanjolane flinke til å halda tradisjonane levande gjennom sine mange karneval året rundt…

Og no kan fastetida koma…

Står sterkt

Wikipedia skriv dette om karnevalstradisjonane både i Spania og andre land:

– Tradisjonen står sterkt i romersk-katolske sfære, men karneval feires også i ortodokse og protestantiske områder, med store geografiske variasjoner.

Hovedskillet går på om det legges vekt på gateparadene eller på ball og maskerade, selv om elementer av utkledning og dans gjenfinnes i alle land som pleier tradisjonen. På grunn av tilhørigheten til påske og faste, er det ingen karneval i tradisjonell forstand i land som ikke har innført kristendommen.

Karnevalet er en folkelig fest som ikke har noen plass i liturgiske kalendrer eller kirkeårsliturgier, og kalles noen ganger for den femte årstid. Det er heller ikke del av fastetiden. Men dagene har antitetisk tilknytning til fastetiden ved sitt iboende budskap om den tilskyndende faste.