Mange oppgåver for Sunde grendalag

Grendalaget har søkt om å få rusta opp Vågeminnet med enkel tilkomstveg og å planera ei større flate til grill/leikeplass, og har fått skriftleg løyve til dette.

Grendalaget har søkt om å få rusta opp Vågeminnet med enkel tilkomstveg og å planera ei større flate til grill/leikeplass, og har fått skriftleg løyve til dette.

Grendalaget på Sunde kan sjå attende på eit aktivt år med mange gjennomførde prosjekt. Styret seier i årsmeldinga si at laget vil støtta arbeidet med å behalda skulen og barnehagen i bygda.

Sigmund Nordfonn er leiar i Sunde bygdalag.

Sigmund Nordfonn er leiar i Sunde bygdalag.

I løpet av året har grendalaget gjennomført to dugnader med strandrydding og fått totalt 11.000 kroner frå SIM for arbeidet. Midlane har gått uavkorta til FAU til fleirbruksbanen ved skulen. Rydding av strender vil også skje i 2015.

Prosjektet «Turstiar på Sunde» søkte via grendalaget om midlar frå SpareBank1-stiftinga Kvinnherad og fekk 100.000 kroner til ny gapahuk på Kaldestadåsen. Laget fekk også 20.000 kroner frå det fylkeskommunale prosjektet «LIV og lyst» til søknadsprosessen med Vågeminnet.

Opprusting av Vågeminnet

Grendalaget har søkt om å få rusta opp Vågeminnet med enkel tilkomstveg og å planera ei større flate til grill/leikeplass, og har fått skriftleg løyve til dette. No vil laget søkja om midlar til sjølve opprustinga. Laget vil også prøva å få tak i bord og benker, som kan stå ute mesteparten av året, skriv styret i årsmeldinga. 

Grendalaget har elles planar om å rydda sti og laga til badestranda i Vågsrunnevågen der ho var før. Folk brukte denne badestranda sist sommar, men det trengst litt rydding før det vert brukande.

Vil halda liv i Sunde

Elles vil grendalaget fortsetja arbeidet med å halda liv i Sundebygda, og då er ein avhengig av støtte frå bygdefolket, skriv styret i årsmeldinga. Laget oppfordrar så sterkt ein kan dei yngre i bygda til å koma med idear til tiltak for å møta framtida.

Grendalaget er med i gruppa som har dialogmøte med Vikingfjord AS, og laget har vore ein pådrivar for dei tiltaka som alt er sette i verk, og som skal gjerast slik at Sunde blir trivelegare å bu i.

Av årsmeldinga går det også fram at grendalaget vil fortsetja arbeidet med trafikksikring, spesielt for dei mjuke trafikantane. Betre og sikrare buss-stopp med léskur er eit av måla. I samband med dette har laget hatt møte med den ansvarlege for dette i Statens vegvesen i Odda. No ventar ein på tiltak etter at vegvesenet i haust hadde inspeksjon av trafikktryggleiken. 

Det er eit stort arbeid, men bygda treng fleire meter med gang/sykkelsti heilt frå Kustøo til Opsanger bru.

Samarbeid

Grendalaget samarbeider elles med mange andre lag, som til dømes FAU, «Turstiar på Sunde», Opsangervågen kystlag, Kvinnherad kystlag, Sunde Kyst- og Litteratursenter og andre.

Årsmøtet vedtok å låna kr 400.000 på vegner av FAU, som ein del av fullfinansieringa av fleirbruksbanen ved skulen. Kommunen skal garantera for lånet.

På årsmøtet vart desse valde til styre i grendalaget:

Sigmund Nordfonn, leiar
Aslak Mikkelsen, nestleiar
Arne Skogseth, styremedlem
Maria Larssen, skrivar
Inger J. Nordfonn, kasserar
Kenneth Lindås, styremedlem
ohn Inge Nordfonn, styremedlem