Gjer «Stord I» klar for ny sesong

 DS «Stord I» i dokken før ny sesong.

DS «Stord I» i dokken før ny sesong.

 Trapp ned til banjerdekk akter og dører til tenarlugarar.

Trapp ned til banjerdekk akter og dører til tenarlugarar.

Etter opphaldet ved Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund, der det blei laga trapp og dører til lugarane på banjerdekket akter, gjekk DS «Stord I» til Bergen.
Båten ligg no i dokk hos Noryards BMV på Laksevåg der det er vanleg vårpuss og botnsmørjing. I tillegg vert det utført ein del småarbeid, mellom anna fjerning av gamle klaffeventilar til toaletta i samband med at det er installert septiktank om bord.
I tillegg skal det monterast på ein vinkel på roret slik at manøvreringa blir lettare.
Dokken som DS «Stord I» ligg i er ein god del år eldre enn båten, den blei teken i bruk i 1872. Før båten vart overlevert til HSD våren 1913, var han i same dokk for klargjering.

Så historien gjentek seg over 100 år seinare.

Av Harald Sætre (tekst og foto)