Reint vatn i kriser og krig

 (Foto: Paul Jeffrey, Kirkens Nødhjelp)

(Foto: Paul Jeffrey, Kirkens Nødhjelp)

– I kriser er vatn kritisk! Tema for Fasteaksjonen 2015 er det same som for TV-aksjonen i haust: Reint vatn til dei som desperat treng det: Menneske i katastrofar og krig.
22. – 24. mars bankar bøsseberarane på dørene i Sunnhordland og over heile landet. Kring 40.000 frivillige er med på aksjonen, dei fleste av dei konfirmantar.

Vatn er noko av det første Kirkens Nødhjelp stiller med under ein katastrofe. Akkurat no er det fleire katastrofar enn nokon gong. Kirkens Nødhjelp er på plass i Syria, Nord-Irak, Sør-Sudan og mange andre land.

Klimaendringane fører til at uvêr og uår slår til med større kraft enn før. I det siste året har vi sett dette i form av tyfon på Filippinane, flaum i Pakistan og tørke i Guatemala. Også her heime har vi merka den veldige krafta i ustyrlege vassmassar hos naboane våre i Hardanger.

Enten det er naturkatastrofar eller krigshandlingar som ligg til grunn, har Kirkens Nødhjelp team som kan stilla på kort varsel. Samtidig er det langsiktige arbeidet viktig, mellom anna for å påvirka opinionen. Slik kan vi saman bremsa klimakrisa og ved langsiktig fredsarbeid yta vårt til at politiske kriser kan løysast utan krig.

Tek liv

I alle konfliktområde der Kirkens Nødhjelp arbeider treng menneska reint vatn og skikkelege sanitærforhold. I katastrofar tek epidemiar mange liv. Born er spesielt utsette.

Summane som hamnar i bøssene kan til dømes bli brukte slik:
•   200 kroner kan gi eitt menneske varig tilgang til reint vatn.
•   400 kroner gir flaumsikring av eit hus.
1.000 kroner kan gi hygienepakkar til fem familiar.

Handsrekninga frå mange tusen husstandar i Noreg til Fasteaksjonen gir von til mange hundretusen menneske over heile verda, i denne nest største dør-til-døraksjonen i Noreg.

Ta godt imot bøsseberarane når dei kjem! Dei skal ha bøsser tydeleg merka med Kirkens Nødhjelp og identitetsmerke med namn og same bøssenummer som på bøssa.

Åse Selsvold og Magne Fitjar
distriktskontaktar for Kirkens Nødhjelp i Sunnhordland