Kommuneval med ni lister

 Arne Gjerde (67) toppar Miljøpartiet si liste ved kommunevalet. (Arkivfoto)

Arne Gjerde (67) toppar Miljøpartiet si liste ved kommunevalet. (Arkivfoto)

Ved kommunevalet i september får kvinnheringane heile ni lister å velja mellom. Før fristen gjekk ut 31. mars vart det levert inn lister frå to nye parti; Miljøpartiet dei Grøne og De kristne. Sosialistisk Fellesliste er òg forsåvidt ny, etter som det er ei samling av Raudt og Sosialistisk Venstreparti.

To halsnøybuar, Arne Gjerde (MDG) og Bjarnhild Sjo (De kristne) toppar dei to nye listene. Noverande kommunestyrerepresentant for SV, Hege Lægreid Røssland, toppar den nye felleslista mellom partia på venstresida i Kvinnherad.

Forutan dei tre nye listene som veljarane kan bruka til hausten, har følgjande parti levert inn lister til valstyret i kommunen:

Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre.

Gjer comeback

67-åringen Arne Gjerde (MDG) har tidlegare vore med i Kvinnheradpolitikken i to periodar, som representant for Venstre. Forutan fast plass i kommunestyret sat han blant anna i Forvaltningsstyret. No kjem han attende og stiller seg til disposisjon for eit endå grønare parti.

Toppkandidaten fortel at programutkastet deira så å seia er ferdig, men listekandidatane skal først vera med og bestemma gode formuleringar før partiet går ut med noko konkret. Men den tidlegare Venstremannen trur dei snart vil kunna presentera eit spennande valprogram. 

Ingen av kandidatane på lista er kumulerte, så Gjerde er ikkje sikra plass i det nye kommunestyret sjølv om han er oppført som nummer ein. Det ambisiøse målet til partiet er i alle fall å få inn tre representantar.

Berre grønt

– To nye parti, har kvinnheringane eigentleg bruk for det?

Nei, dei har berre bruk for oss grøne, seier Arne Gjerde litt spøkefullt.

– Har ikkje dei tradisjonelle partia, slik du ser det, ført ein grøn nok politikk?

Nei, det manglar mykje på det. På riksplan har dei prata mykje om det, og prøvt å få folk til å tru at dei har gjort mykje grønt og fint, men i praksis har dei så godt som ikkje gjort noko som helst. På lokalplan har vel ordet grønt knapt vore nemnt i denne perioden.

– Kva «grøne» saker er viktige for utviklinga av Kvinnherad?

Det er veldig mange, som eg vil koma attende til. Bakgrunnen er at eg ikkje vil at merkelappen "grøn" skal overstyra det faktum at vi først og fremst er eit parti som vil løysa problema som kommunen vår strir med, og som det sitjande kommunestyret har mislukkast fullstendig med.

Å vera grøn lokalpolitikar vil først og fremst seia at ein satsar på å bruka lokale ressursar, også når det gjeld å løysa vanskelege problemstillingar. 

– Kor realistisk er det at de skal få inn tre representantar i kommunestyret, og kven skal de eventuelt ta dei ifrå?

For å ta det siste først, så skal vi ta dei frå dei partia som folk har vore så misnøgde med dei siste åra. Altså, så godt som alle parti, slik eg forstår folk.

Når det gjeld å ta tre mandat, så er ikkje det noko fastsett målsetjing frå partiet, det er meir eit tips frå mi side. Gallupen for ein månad sidan gav oss eitt mandat, før vi hadde presentert noko som helst. Då er det logisk at vi får to når vi får presentert oss skikkeleg. Og dersom vi lukkast ekstra godt, tar vi tre, seier Arne Gjerde.

 

MDG-lista

Arne Gjerde, Arnavik

Eli Hårklau, Halsnøy Kloster

Jostein Saghaug, Uskedalen

Svein I. Opdal, Seimsfoss

Merethe Offerdal Tveit, Rosendal

Mattihaz Zimmermann, Seimsfoss

Einar Johan Tvedt, Dimmelsvik

Knut Førland, Rosendal

Viljar Synnevåg, Ølve

Leif Flaten, Sunde

Knut Johan Nerhus, Hatlestrand

Hulda Bolin, Ænes

Narve Nordtveit, Valen

Jorunn Toskedal, Løfallstrand

Øystein Skjæveland, Herøysund

Mette Torvund, Halsnøy Kloster

Arild Landa Sæbøvik

Adelene Svendsen, Husnes

 

De kristne

Bjarnhild Sjo, Halsnøy Kloster

Bente Nicholas, Sæbøvik

Agna Johansen, Halsnøy Kloster

Henning Emmanuelfjell, Valen

Magne Fausk, Dimmelsvik

Bjarne Røen, Høylandsbygd

Svanhild Padøy, Halsnøy Kloster

Reidun Fausk, Dimmelsvik

Siv Røen, Høylandsbygd

Ingvar Bjørsvik, Valen