Pengar frå Riksantikvaren til gamle båtar

 «Granvin» ligg for tida til omfattande reparasjon på Stord.

«Granvin» ligg for tida til omfattande reparasjon på Stord.

Veteranskipslaget Fjordabåten og Ferjelaget Skånevik, har nyleg motteke gledelege sjekkar frå Riksantikvaren.
Av vel 60 millionar kroner, som i år blir løyvde til vedlikehald av freda farty, går 2,5 millionar til «Granvin» og vel 1,5 millionar til «Skånevik».
Dei to fartya ligg for tida til kai på Stord, «Granvin» på Jensaneset og «Skånevik» på Leirvik.
Begge båtane skal snart starta på sommaroppdraga sine; fjordabåten etter tradisjonelt mønster med charter og rutefart. Riksvegferja i originalversjon anno 1967, skal frå tidleg i mai og i fem månader framover, inn i turisttrafikk mellom Gudvangen og Kaupanger.
«Midthordland», bygg nr to frå Stord Verft, har fått tilskot på 600.000 kroner frå Riksantikvaren, medan ferja «Folgefonn», som for tida ligg til restaurering ved fartyvernsenteret i Nordheimsund, får 700.000 kroner.

  «Skånevik» skal frå tidleg i mai ha to daglege avgangar frå Gudvangen til Kaupanger, ein tur på vel to timar. (Arkivfoto)

«Skånevik» skal frå tidleg i mai ha to daglege avgangar frå Gudvangen til Kaupanger, ein tur på vel to timar. (Arkivfoto)

(Stordnytt.no)