Bok om eldre i Kvinnherad

Wenche Skaaluren (95) er ei av kvinnene i boka. (Foto: Kristen Børje Hus)

Wenche Skaaluren (95) er ei av kvinnene i boka. (Foto: Kristen Børje Hus)

Ei bok med portrett av ei handfull kvinner og menn frå ulike delar av Kvinnherad, alle over 90 år, er no under produksjon. Dei fortel om liva sine; frå tidlege barneår, ofte i tronge økonomiske kår, til dei no er komne til skjells år og alder. 

– I samtalane med dei eldre har eg òg prøvd å få fram kva dei tenkjer om det uunngåelege for oss alle; slutten på livet. Trur du til dømes på eit evig liv? spør Kristian Hus blant anna om.

Ikkje syt for morgondagen!

– Døden kjem når han kjem, og vi må ikkje syta for mykje over morgondagen, seier ei kvinne i intervjuet. Likevel lever ho kvar dag som om det skulle vera den siste, og er på den måten betre budd til å fara herifrå – når tida hennar kjem.

Andre snakkar om det å bu heime, ofte i einsemd, og om korleis dei ser for seg siste delen av livet sitt. Essensen i boka handlar likevel mest av alt om livet, slik det har vore for den enkelte. Når ein kjem opp i så høg alder vil dei fleste av oss helst sjå bakover. Mange har gode historiar å fortelja frå livet dei har levd.

Om livet på aldersheimen

– Eg ser ikkje for meg at eg skal sitja på aldersheimen og stura i ein stol. Det er ikkje noko å trakta etter, seier ein 94 år gammal mann. Men må eg, så må eg, seier han likevel.

I boka kjem forfattaren lite inn på det offentlege helsestellet, som mange er avhengige av for å ha eit godt og verdig liv. Men dei som har sagt noko om dette, skryt over hjelpa dei får på sjukeheimane. Endåtil middagsmaten frå Bergen omtalar ein 95-åring i positive vendingar, endå om ho tidlegare var skeptisk til mat langvegs frå!

Forutan intervjua med dei tolv, håpar vi òg å få med tekstar frå nokre andre skribentar, der dei kjem med tankar om livet og alderdommen.

Ideen til boka kom gjennom arbeidet i Eldrerådet. Dessutan har forfattaren lete seg inspirera av Åshild Ulstrup si bok; «100 pluss – våre eldste forteller», som kom ut for 10 år sidan.

Kristen Børje Hus er fotograf og grafisk designar i prosjektet. Boka er planlagt å koma ut i oktober.

Du kan følgja prosjektet her