«Sunnhordland» i Danmark

 Slik ser snøggruta ut i dag, no med namnet «Brahe».

Slik ser snøggruta ut i dag, no med namnet «Brahe».

I meir enn 20 år, fram til 1972, var han bindeleddet mellom Bergen by og Sunnhordland. Så presis i ruta, med avgang frå Bergen klokka 14.30, at det blir påstått at klokke på armen eller i lomma på vesten var heilt unødvendig for dei som budde nord i Langenuen. Når «Sunnhordland» passerte, var klokka kvart over fem. Så fekk ein retta seg etter det.

Då båten var ferdig i HSD si teneste, vart han kjøpt av krefter i Finland, bygt om og på, og sett i cruisefart i Karelen. Seinare har interessentar vore i sving for å få «snøggruta» attende til sunnhordlandske farvatn, men så langt har ein ikkje lukkast med det.

Skal du til Danmark i sommar og koma innom byane Faaborg, Aabenraa, Kolding, Middelfart, Vejle eller Aarhus, kan det likevel bli råd med ein tur med MS «Brahe», som er det nye namnet på passasjerbåten. Selskapet Saumaa Travel har nett flytta tidlegare MS «Sunnhordland» til «…det smukke farvann omkring Fyn».

Det blir invitert til dagstur eller cruise over fleire døger. Og då sjølvsagt med full servering av måltid på kvit duk i salongen, nett slik det var når sunnhordlendingar og anna godtfolk tok snøggruta heim frå byd’n.

(www.stordnytt.no)

Meir informasjon er å finna her

 «Sunnhordland» la til Sunnhordlandskaien på Stord presis presis kl 17.45, måndag til laurdag (Foto: Tor Resser).

«Sunnhordland» la til Sunnhordlandskaien på Stord presis presis kl 17.45, måndag til laurdag (Foto: Tor Resser).