Gjekk frå Mauranger til Halsnøy

– Eg hadde aldri trudd at det gjekk an å bli så glad for å sjå ein ferjekai, skreiv «Grendamannen» Jarle Håvik på Facebook då han etter ein lang gåtur kom fram til Sydnes på Halsnøy fredag kveld. 

Turen byrja ved Folgefonntunnelen i Austrepollen klokka halv fem om morgonen. 

– No skal joggeskoa leggjast på hylla, i alle fall til neste gong eg er litt for stor i kjeften, sa Håvik. 

Bakgrunnen for den bortimot åtte mil lange turen til fots gjennom kommunen, er at han tapte eit veddemål mot redaktør Tomas Bruvik i Kvinnheringen under årsmøtet til Landslaget for aviser tidlegare i år. Veddemålstapet fekk han no kjenna på kroppen til gagns!

 Jarle Håvik var i godt humør då han nærma seg Sydnes på Halsnøy i 17.30-tida fredag. (Foto: Inger Johanne Solheim)

Jarle Håvik var i godt humør då han nærma seg Sydnes på Halsnøy i 17.30-tida fredag. (Foto: Inger Johanne Solheim)