Med slekta til «the roots» på Fjelberg og Stord

 Storfamilien Blockhus frå California attende til røtene på blokhusgarden på Fjelberg.

Storfamilien Blockhus frå California attende til røtene på blokhusgarden på Fjelberg.

Vesle julafta 1851 steig brørne Ole og Anders Belgum frå Valdres i land frå eit seglfarty på Borgundøy. Det var karrige tider i heimlandet og dei to, 22 og 17 år gamle, gjekk til Vestlandet for å finna seg jobb og tena pengar til amerikabillett. Det er gode grunnar for å tru at gutane kom seg til Fjæra inst i Åkrafjorden og fekk båtskyss derifrå til den lune hamna i Fjelbergsund.

Eit godt steinkast innom dagens ferjekai og handelsstad, låg den gong eit gjestgiveri, der det vart servert både mat og godt å drikka. Brørne frå Valdres må ha fått hjarteleg velkomst på Borgundøy, særleg hjå eit par av jentene i bygda. Kjærleiken dei møtte var så gild og god at Ole og Anders vart verande på Borgundøy.

I 1855 tok Anders og Anna roturen over til Fjelbergøy og kyrkja der for å seia sitt livs ja til kvarandre framføre presten. Paret flytte seinare med borna sine til Amerika.

I 1858 følgde Ole etter med si Mari Olsdotter Blokhus. Så godt likte mannen slektsnamnet at han bytta frå Belgum til Blokhus. Så då Mari og Ole i 1865 flytta til Stord, og han etablerte seg som særs dugande steinmurar, slo dei seg ned på Rommetveit og gav eigedomen namnet Blokhus.

Paret hadde då fått tre born, det skulle bli sju til. Sju av dei emigrerte til Amerika og seks vart verande «over there», medan yngstemann kom attende med kone frå Stord.

Ein måndag i juli 2015 gjekk eit følgje på 20 i land frå snøggbåten på Borgundøy. 86 år gamle Donald Blockhus, eldste gjenlevande oldebarnet til Mari og Ole Blokhus, tok med seg heile eigen storfamilie for å visa born og barneborn (sjette generasjon) «the roots» på Blokhusgarden. Dei bur alle nær Sillicon Valley i California. 

Jo, det blei ei rørande stund – ikkje minst i den vakre Fjelberg kyrkje, bygt i 1722, vel femti år før United States of America vart oppretta.

(www.stordnytt.no)

 På Fjelberg står framleis dette sjøhuset, som oldefar til Donald Blockhus truleg budde i ein periode kring 1860.

På Fjelberg står framleis dette sjøhuset, som oldefar til Donald Blockhus truleg budde i ein periode kring 1860.