I faren sine fotefar 75 år seinare

Sven Bugge jr., son til løytnant Bugge, ved revolverkanona på Myklebust kai. (Foto: Kristian Bringedal).

Sven Bugge jr., son til løytnant Bugge, ved revolverkanona på Myklebust kai. (Foto: Kristian Bringedal).

Medaljesamlinga til løytnant Bugge med mellom anna Sankt Olavs orden med Eikeløv. (Foto: Kristian Bringedal)

Medaljesamlinga til løytnant Bugge med mellom anna Sankt Olavs orden med Eikeløv. (Foto: Kristian Bringedal)

Ein kjend person i krigshendingane i Herøysund og Uskedalen i aprildagane 1940 var løytnant Bugge. Saman med kaptein Ulstrup og kaptein Hauge var han sentral i organiseringa og gjennomføringa av motstanden og kampane 18. – 20. april. Sven Bugge, son til løytnant Bugge, har no vore på besøk i Uskedalen saman med kona si.  
Trond Ramsøy og Kristian Bringedal tok gjestene med på ei synfaring frå Trones i sør, der tyske styrkar vart sette i land, til Dimmelsvik i nord. Det var lagt inn stopp i Herøysundet, Klype, Myklebust kai, Skårhaug, Beinavikjo, Ljosnes og Dimmelsvik kai.
Sven Bugge var godt nøgd med det han fekk sjå og høyra på turen. Han fekk mykje ny kunnskap om far sin. Noko har han høyrt tidlegare. Mykje var nytt og no fekk han sjå landskapet og plassane der far hans opererte desse dagane før han førte lastebåten «Tindefjell» til Eide i Hardanger og var med på kampane ved Fossen Bratte i Kvam.
Etter besøket i Kvinnherad gjekk turen til Kvam, der Trond Ramsøy saman med leiar for Bergenhus museum synte Bugge plassane der far hans var aktiv i aprildagane for 75 år sidan.
 
Ved eit seinare høve vil Bugge koma attende til Uskedalen, då saman med bror sin, barn og barnebarn.
 
(www.uskedalen.no)